LibreOffice 24.8 Hjelp
Set inn eit festepunkt eller ei festelinje som du kan bruka for raskt å justera objekta i eit lysbilete. Festepunkt og festelinjer vert ikkje viste når eit lysbilete vert skrive ut eller brukt i ei framvising.
Du kan dra ei festelinje frå linjalane og sleppa dei på sida. For å sletta ei festelinje, dreg du henne tilbake til linjalen.
Teikn eller flytt eit objekt i nærleiken av eit festepunkt eller ei festelinje for å festa det på rett plass.
For å velja festeområdet, vel du Verktøy → Innstillingar → LibreOffice Draw → RutenettVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Impress → Rutenett.
Vel plassering for eit valt festepunkt eller ei vald festelinje i høve til det øvste venstre hjørnet av sida.
Du kan også dra eit festepunkt eller ei festelinje til ei ny plassering.
Skriv inn kor mykje mellomrom du vil ha mellom festepunktet eller festelinja og den venstre kanten av sida.
Skriv inn kor mykje mellomrom du vil ha mellom festepunktet eller festelinja og den øvre kanten av sida.
Vel kva type festeobjekt du vil setja inn.
Set inn eit festepunkt (stipla kryss).
Set inn ei loddrett festelinje.
Set inn ei vassrett festelinje.