LibreOffice 24.8 Hjelp
Legg til eller endra tekst i plasshaldarane på toppen og botnen av lysbilete og hovudlysbilete.
Dialogvindauget Topp- og botntekst inneheld desse fanene:
Lysbilete, der du kan velja innstillingar for det gjeldande lysbiletet eller for alle lysbileta.
Notat og støtteark, der du kan velja innstillingar for notatsider og støtteark.
Legg ein topptekst eller botntekst til alle lysbileta
Endra og leggja til eit hovudlysbileteei hovudside
Vel kva for element som skal takast med på lysbileta.
Legg til teksten du skriv i feltet øvst på lysbiletet.
Legg til teksten du skriv øvst på lysbiletet.
Legg til dato og klokkeslett på lysbiletet.
Vis den datoen og det klokkeslettet du skriv inn i feltet.
Vis datoen og klokkeslettet då lysbiletet vart oppretta. Vel eit datoformat frå lista.
Vel språk for dato- og tidsformat.
Legg til teksten du skriv i feltet nedst på lysbiletet.
Legg til teksten du skriv nedst på lysbiletet.
Legg til lysbiletnummer eller sidetal.
Vis ikkje informasjonen du valde i det første lysbiletet i presentasjonen.
Brukar innstillingane på alle lysbileta i presentasjonen (også dei tilhøyrande hovudlysbileta).
Brukar dei gjeldande innstillingane på dei valde lysbileta.