LibreOffice 7.6 Hjelp
Du kan velja innstillingar for visinga av ei lysbiletframvising i Lysbiletframvising → Innstillingar for lysbiletframvising.
Vel om ei lysbiletframvising skal byrja med det gjeldande lysbiletet eller med det første lysbiletet i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Impress → Generelt.
For å starta ei lysbiletframvising, gjer du éin av desse:
Trykk på ikonet Lysbiletframvising på verktøylinja Presentasjon.
Høgreklikk på eit lysbilete iNormalvising, og vel Lysbiletframvising.
Trykk F5.
I Windows høgreklikkar du på *.sxi- eller *.odp-fila i utforskaren og vel deretter Vis.