Presentasjonsverktøylinja

Viktige funksjonar for lysbilete.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Verktøylinjer → Presentasjon.


Lysbilete

Set inn eit lysbilete etter det valde lysbiletet.

Lysbiletoppsett

Opnar ein undermeny med lysbiletutformingar.

Endra utforminga av hovudlysbiletet

Viser dialogvindauget for Tilgjengelege hovudlysbilete der du kan velja eit utformingsskjema for det gjeldande lysbiletet. Eventuelle objekt i lysbiletutforminga vert sette inn bak objekta i gjeldande lysbilete.

Utvid lysbilete

Lag eit nytt lysbilete frå kvart disposisjonspunkt på toppnivå (tekst på eitt nivå under tittelteksten i disposisjonsvisinga) i det valde lysbiletet. Disposisjonsteksten vert då tittelen på det nye lysbiletet. Disposisjonspunkt under toppnivået på originallysbiletet vert flytte opp eitt nivå på det nye lysbiletet.

Lysbiletframvising

Byrjar lysbiletframvisinga.

Støtt oss!