LibreOffice 25.2 Hjelp
Lag figurar og fordel dei jamt mellom to teikneobjekt.
LibreOffice teiknar ei rekkje mellomliggjande figurar mellom to valde objekt og grupperer resultatet.
Vel innstillingane for overgangstoning.
Vel kor mange figurar du vil ha mellom dei to valde objekta.
Legg overgangstoning til linja og til fylleigenskapane for objekta. Dersom dei valde objekta for eksempel er fylde med ulike fargar, får du ein fargeovergang mellom dei to fargane.
Legg til ein glatt overgang mellom dei valde objekta.