LibreOffice 25.2 Hjelp
Lag ein eller fleire kopiar av det valde objektet.
Vel kor mange kopiar du vil laga.
Vel breidde- og høgdeverdiane til det valde objektet i høvesvis X-akse- og Y-akse-boksane. Vel også fyllfargen til objektet. Rotasjonsvinkelen til det valde objektet vert ikkje oppgjeven.
Vel plassering og rotasjon for eit kopiert objekt i høve til det valde objektet.
Skriv inn den vassrette avstanden mellom midten av det valde objektet og midten av duplikatobjektet. Positive verdiar flyttar duplikatobjektet til høgre, medan negative verdiar flyttar det til venstre.
Skriv inn den loddrette avstanden mellom midten av det valde objektet og midten av det kopierte objektet. Positive verdiar flyttar duplikatobjektet oppover, medan negative verdiar flyttar det nedover.
Vel vinkelen (frå 0 til 359 grader) som du vil rotera det kopierte objektet med. Positive verdiar vil rotera objektet med klokka, medan negative verdiar vil rotera det mot klokka.
Vel storleiken på eit kopiert objekt.
Skriv inn kor mykje du vil auka eller redusera breidda til kopien av objektet.
Skriv inn kor mykje du vil auka eller redusera høgda til kopien av objektet.
Vel fargane for det valde objektet og kopien. Viss du lagar meir enn ein kopi, vil desse fargane oppgje start- og sluttpunkta i ein fargeovergang.
Vel ein farge for det valde objektet.
Vel ein farge for det kopierte objektet. Viss du lagar meir enn ein kopi, vil fargen verta brukt på den siste kopien du laga.