Side

Vel sideretning, sidemargar, bakgrunn og andre innstillingar med tanke på utsjånad.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Lysbilete → Eigenskapar og deretter fana Side


Papirformat

Format

Vel eit papirformat som er støtta av skrivaren din. Du kan også oppretta ein tilpassa papirstorleik ved å velja Brukar og skriva inn storleiken i felta Breidd og Høgd.

Breidd

Viser breidda av papirformatet, som du valde i feltet Format. Skriv inn ein verdi for breidda på sida viss du valde formatet Brukar.

Høgd

Viser høgda på papirformatet, som du valde i feltet Format. Skriv inn ein verdi for høgda på sida, viss du valde formatet Brukar.

Ståande

Sideretninga er ståande.

Liggjande

Sideretninga er liggjande.

Papirskuff

Vel papirkjelde for skrivaren din.

Tipsikon

Viss dokumentet brukar meir enn eitt papirformat, kan du velja ein eigen skuff for kvart format.


Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Margar

Vel avstanden mellom kanten av ei side som er skriven ut og det utskrivbare området.

Venstre

Skriv inn avstanden mellom den venstre sidekanten og dataa. Du kan sjå resultatet i førehandsvisinga.

Høgre

Skriv inn avstanden mellom den høgre sidekanten og dataa. Du kan sjå resultatet i førehandsvisinga.

Topp

Skriv inn avstanden mellom den øvste kanten og dataa. Du kan sjå resultatet i førehandsvisinga.

Botn

Skriv inn avstanden mellom den nedste kanten og dataa. Du kan sjå resultatet i førehandsvisinga.

Format

Vel format for sidenummerering.

Tilpass objektet til papirformatet

Forminskar storleiken på objekta og skrifta, slik at dei kan skrivast ut med det valde papirformatet.

Støtt oss!