Tekst

Opnar ein undermeny der du kan velja kommandoar for tekstformatering.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Tekst


Halvfeit

Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.

Kursiv

Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.

Enkel understreking

Understrekar den merkte teksten med ei enkel linje.

Dobbel understreking

Understrekar den merkte teksten med to linjer.

Gjennomstreking

Teiknar ein strek gjennom den merkte teksten. Viss markøren er i eit ord, vil streken gå gjennom heile ordet.

Overstreking

Legg til eller fjernar gjennomstreking av tekst i den merkte teksten. Viss markøren ikkje er over eit ord, vil ny tekst som vert skrive inn gjennomstreka.

Heva skrift

Gjer skrifta i den valde teksten mindre og hevar teksten frå grunnlinja.

Senka skrift

Gjer skrifta i den valde teksten mindre og senkar teksten under grunnlinja.

Skugge

Legg ein skugge under og til høgre for det valde teiknet.

Omriss

Viser omrisset av det valde teiknet. Denne effekten verkar ikkje for alle skrifttypane.

STORE BOKSTAVAR

Endrar dei merkte små bokstavane til store bokstavar.

små bokstavar

Endrar dei merkte store bokstavane til små bokstavar.

Roter bokstavstorleiken

Roterer bruken av dei merkte teikna mellom overskrift, setning, STORE BOKSTAVAR og små bokstavar.

Setning

Endrar den første bokstaven i det merkte området til STOR BOKSTAV.

Bruk stor forbokstav på kvart ord

Endrar den første bokstaven i kvart av dei merkte orda til stor bokstav.

Byt mellom STORE og små bokstavar

Byt alle merkte teikn til STORE eller små.

Støtte for asiatiske språk

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Halv breidd

Endrar dei merkte asiatiske teikna til halv breidde.

Full breidd

Endrar dei merkte asiatiske teikna til full breidde.

Hiragana

Endrar dei merkte asiatiske teikna til hiragana-skriftteikn.

Katakana

Endrar dei merkte asiatiske skriftteikna til katakana-skriftteikn.

Støtt oss!