Tryggleiksinnstillingar og åtvaringar

Set tryggingsrelaterte innstillingar og åtvaringar om gøymd informasjon i dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Trykk knappen Innstillingar på sida Tryggleik.


Dialogvindauget «Tryggleiksval og åtvaringar» inneheld desse vala:

Ved lagring eller sending

Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å lagra eller senda eit dokument som inneheld registrerte endringar, versjonar eller merknadar.

Ved utskriving

Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å skriva ut eit dokument som inneheld registrerte endringar eller merknadar.

Ved signering

Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å signera eit dokument som inneheld registrerte endringar, versjonar, felt, referansar til andre kjelder (for eksempel lenkja bolkar eller lenkja bilete) eller merknadar.

Ved oppretting av PDF-filer

Vel å sjå ei åtvaring når du prøver å eksportera i PDF-format som viser registrerte endringar i Writer eller som viser merknadar.

Fjern personleg informasjon ved lagring

Vel å alltid fjerna brukarinformasjon frå fileigenskapane. Dersom dette valet ikkje er slått på, kan du likevel fjerna personleg informasjon frå det gjeldande dokumentet ved hjelp av knappen TilbakestillFil → Eigenskapar → Generelt

Minn om passordvern ved lagring

Vel dette om du vil at alternativet Lagra med passord i dialogvindauget for lagring av filer skal vera merkt av som standard. Fjern avmerkinga for å lagra utan passord.

Ctrl-klikk for å følgja hyperlenkjer

Når denne er slått på, må du halda nede Ctrl-knappen medan du trykkjer på ei hyperlenkje for å opna henne. Dersom dette ikkje er merkt av, vert hyperlenkjer opna med eitt klikk.

Blokker alle lenkjene frå dokument som ikkje er på dei stadane du stolar på (sjå makrotryggleik)

Blokkerer bruk av lenkjer til bilete som ikkje er frå stadar du stolar på definert i fana Tiltrudde kjelder i dialogvindauget for makrotryggleik. Dette kan auka tryggleiken viss du arbeider med dokument frå kjelder som ikkje er tiltrudde (f.eks. Internett) og er uroa over svikt i einskilde komponentar i bilethandsamaren. Blokkering av lenkjer gjer at bilete ikkje vert lasta inn i dokumentet, berre ramma for plasshaldaren vert vist.

Støtt oss!