Nettoppdatering

Set opp nokre innstillingar for automatisk varsling om og nedlasting av nettoppdateringar for LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Nettoppdatering


note

Online Update er ein modul som vert installert som standard.


Innstillingar for oppdatering frå Internett

Sjå etter oppdateringar automatisk

Kryss av for å søkje etter oppdateringar frå Internett periodisk og vel deretter kor ofte LibreOffice skal gjere desse søka. LibreOffice vil då søkje ei gong om dagen, veka eller månaden så snart programmet har funne ei fungerande internettilkopling. Dersom du koplar til Internett via ein mellomtenar (proxytenar), må du definera denne i → Internett → Mellomtenar.

Når ei oppdatering er tilgjengeleg, vil ein knapp på menylinja Ikon Oppdatering visa ein forklarande tekst. Trykk på denne knappen for å halda fram.

Dersom du slår av denne oppdateringsfunksjonen, vert knappen fjerna frå menylinja.

Kvar dag

Ser etter oppdateringar ei gang om dagen.

Kvar veke

Ser etter oppdateringar ei gang i veka. Dette er standardinnstillinga.

Kvar månad

Ser etter oppdateringar ei gang i månaden.

Sjekk nå

Sjå etter oppdateringar nå.

Nedlastingsmål

Viser mappa som er vald for lagring av filer som vert lasta ned.

Last ned oppdateringar automatisk

Slår på den automatiske oppdateringa til den oppgjevne mappa.

Endra

Trykk for å setja målmappa for nedlasta filer.

Brukaragent

Slå på kontrollen for å senda informasjon om kva LibreOffice-versjon, operativsystem og grunnleggjande programvare som er i bruk. Desse opplysningane vert brukte for å optimere nedlastinga.

Støtt oss!