Brevfletting til e-post

Spesifiserer brukarinformasjon og innstillingar for tenarar som vert brukte til å senda standardbrev som e-post.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer → Brevfletting av e-post


Brukarinformasjon

Skriv inn brukarinformasjonen som skal brukast når du sender e-post.

Namnet ditt

Skriv inn namnet ditt.

E-postadresse

Skriv inn e-postadressa svara skal sendast til.

Send svar til ulike e-postadresser

Bruker e-postadressa som du skriv inn i feltet «Svaradresse» som «Svar til»-adresse.

Svaradresse

Skriv inn e-postadressa som svar skal sendast til.

Innstillingar for utgåande e-posttenar (SMTP)

Spesifiser innstillingar for tenaren for utgåande e-post.

Tenarnamn

Skriv inn namnet på SMTP-tenaren.

Port

Skriv inn SMTP-porten.

Bruk sikker tilkopling (SSL)

Dersom ho er tilgjengeleg, vert ei sikker tilkopling brukt til å senda e-post.

Tenarautentisering

Opnar dialogvindauget Tenarautentisering, der du kan spesifisera autentiseringsinnstillingar for tenaren for sikker e-post.

Test innstillingane

Opnar dialogvindauget Test kontoinnstillingar, slik at du kan testa dei gjeldande innstillingane.

Støtt oss!