LibreOffice 7.6 Hjelp
I dette dialogvindauget kan du leggja til mapper og arkiv i Java-klassestien. Disse stiane gjeld alle Java-køyremiljø du startar.
Gjev plasseringa til Java-klasser eller Java-klassebibliotek. Den nye klassestien vert teke i bruk når du har opna LibreOffice på nytt.
Java-klassar som er gjeve tilgang via klassestien vert ikkje kontrollerte med omsyn til tryggleik.
Vel ei arkivfil i «jar»- eller «zip»-format og legg denne fila til i klassestien.
Vel ei mappe og legg til denne mappa i klassestien.
Vel eit arkiv eller ei mappe i lista og trykk «Fjern» for å fjerna objektet frå klassestien.