LibreOffice 25.2 Hjelp
Spesifiserer støttealternativ for javaprogram i LibreOffice, medrekna kva Java køyremiljø (JRE, Java Runtime Environment) som skal brukast. Du kan også velja å bruka eksperimentelle (ustabile) funksjonar som for eksempel makroinnspeling og bruk av avanserte oppsett.
Den gjeldande lista over LibreOffice-modular og ressursar som er avhengige av Java er tilgjengeleg på wikien.
Let deg køyra Java-program i LibreOffice. Når eit Java-program prøver å få tilgang til harddisken, vert det vist ei melding.
Vel Java-køyremiljøet du vil bruka. På nokre system må du venta litt før lista vert fylt ut. Dersom du endrar innstillingar her, krev nokre system også at du startar LibreOffice på nytt før dei nye innstillingane vert tekne i bruk. Stien til det valde Java-køyremiljøet vert vist under lista.
Du kan overstyra standard JRE for operativsystemet med eit av desse alternativa:
Ved å setja omgjevnadsvariabelen JAVA_HOME,
Ved å leggja JRE til variabelen $PAT,
Ved å setja inn innstillingsfila <instdir>/presets/config.
i mappaLegg til ein sti til rotmappa til Java-køyremiljøet (JRE) på datamaskinen. Stien vert sett i det neste dialogvindauget.
Opnar dialogvindauget Startparametrar for Java.
Opnar dialogvindauget Klassesti.
Dette valet slår på eigenskapar som førebels ikkje er fullstendig utprøvde eller som inneheld kjende feil. Denne lista vil variera frå versjon til versjon og kan også vere tom.
Dette valet slår på makroopptak slik at menyen vert tilgjengeleg.
Opnar dialogvindauget for avanserte innstillingar og oppsett for LibreOffice.