Avanserte innstillingar

For å bruka denne funksjonen …

Merk av for Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Avansert → Slå på eksperimentelle funksjonar.


Opnar dialogvindauget for avanserte innstillingar og oppsett for LibreOffice. I dette vindauget kan du ta i bruk hundrevis av oppsett for LibreOffice, dei fleste av desse er ikkje tilgjengelege i brukargrensesnittet eller i vanlege dialogvindauge.

Åtvaringsikon

I dialogvindauget for avanserte oppsett har du tilgang til og kan endra og lagra innstillingar som kan skada brukarprofilen din for LibreOffice. Dei kan gjera brukarprofilen din i LibreOffice ustabil, inkonsekvent eller til og med ubrukeleg. Hald fram berre om du veit kva du gjer.


Tipsikon

Det avanserte oppsettet endrar ikkje systemoppsettet for LibreOffice på datamaskinen.


Innskrivingsområdet for tekstsøk

Skriv inn det du vil visa i tekstområdet. Trykk deretter på søk-knappen.

Søkjeknappen

Klikk for å sjå etter innstillingane dine i innstillingstreet.

Innstillingstreet

Listar ut innstillingane i ei treutforming. Klikk på plussteiknet (+) for å opna greinene. Når ei innstilling er synlege i treet kan du redigera ho.

Innstillingsnamn

Namnet på innstillinga

Eigenskap

Syner namnet på eigenskapen i innstillinga.

Type

Definerer eigenskapstype. Gyldige typar er:

Verdi

Den gjeldande verdien til eigenskapen.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge for redigering av eigenskapen.

tip

Dobbeltklikk i innstillingsrada for å redigera gjeldande streng og lange verdiar eller veksla mellom boolske typar.


Tilbakestill

Angra endringane som er gjort så langt i dette dialogvindauget.

Støtt oss!