Detaljerte innstillingar for utrekningar

Set reglane for omforming av strengverdiar til talverdiar for cellereferansar og for strengverdiar til dato- og klokkeslett-verdiar. Dette påverkar innebygde funksjonar som INDIREKTE, som hentar ein referanse som ein strengverdi eller dato- og klokkeslettfunksjonar som tek argumenta som strengverdiar i lokale innstillingar eller i ISO 8601-format.

For å bruka denne funksjonen …

Opna menyen → LibreOffice Calc → Formel og trykk knappen Detaljar … i området Detaljerte innstillingar for.


Innhald som tal

Konvertering frå tekst til tal

Korleis ein tekst skal handsamast når han vert brukt som operand i ein aritmetisk operasjon eller som argument til ein funksjon som ventar eit tal i staden. Eintydig konvertering er mogleg for heiltal med eksponentar og ISO 8601 datoar og klokkeslett i utvida format med skiljeteikn. Numeriske brøkdelar med desimalteikn eller datoar som ikkje er ISO 8601 er språkavhengige. Legg merkje til at i språkavhengige konverteringar kan talverdien som vert returnert variera med språkinnstillinga!

Lagar ein #VERDI!-feil: Dersom det vert funne tekst der ein talverdi er venta, vil generere feilen #VERDI!. Eksempel: "123,45" vil generere feilen #VERDI!, medan 123,45 ikkje gjer det.

Handsam som null: Ein tekst som vert funne der det eigentleg skulle vera ein talverdi, vert oppfatta som eit tal med verdien null. Eksempel: "123,45" vert lese som null medan 123,45 vert lese som eit tal.

Konverter berre dersom utvetydig: konverter teksten dersom han inneheld ein gyldig og utvetydig talverdi. Eksempel: 123,456 vil generere ein #VERDI fordi teksten inneheld eit skiljeteikn. "123456" vert konvertert.
Sjå Konvertera tekst til tal for meir om dette.

Konverter også språkavhengig: vil konvertera verdiar som er gyldige i det språket som er brukt. Eksempel: "123.45" er ein gyldig verdi i nokre språk fordi desse brukar punktum som desimalskiljeteikn.

Handsam tom streng som null

Dette valet bestemmer korleis ein tom streng skal handsamast når han vert brukt i aritmetiske operasjonar. Viss du har sett «Konverter frå tekst til tal» til anten «Generer #VALUE!-feil» eller «Handsam som null», kan du ikkje (her) velja om konverteringa av ein tom streng til eit tal skal gje ein feil eller om tomme strengar skal handsamast som null. I alle andre tilfell vil dette valet bestemma korleis tomme strengar skal handsamast.

Referansesyntaks for strengreferanse

Formelsyntaks som skal brukast når referansar vert fortolka i strengparametrar. Dette påverkar innebygde funksjonar som t.d. INDIREKTE, som tek referanse som ein strengverdi.

Bruk desse innstillingane berre i gjeldande dokumentet

Merk av i denne avmerkingsboksen for å bruka innstillingane berre på dokumentet.

Støtt oss!