LibreOffice 24.8 Hjelp
Definerer korleis tilkoplingar til datakjelder skal samlast i eit forråd.
Du kan bruka Tilkoplingar til å angje at tilkoplingar som ikkje lenger er nødvendige, ikkje vert sletta med ein gong, men vert haldne ledige i eit bestemt tidsrom. Viss ei ny tilkopling til datakjelda vert nødvendig i løpet av denne tidsperioden, kan den ledige tilkoplinga brukast på nytt til dette føremålet.
Vel om dei valde tilkoplingane skal samlast.
Viser ei liste over kjende drivarar og tilkoplingsdata.
Drivaren som er i bruk no, vert vist under lista.
Vel ein drivar frå lista og merk av for Slå på forråd for denne drivaren for å leggja til tilkoplinga til drivaren i forrådet.
Vel tida det skal ta (i sekund) før eit samband som står i kø vert frigjeve. Dette kan vera alt mellom 30 og 600 sekund.