LibreOffice 25.2 Hjelp
Spesifiserer innstillingane for dokument med kompleks tekstvising.
I nokre språk, for eksempel thai, finst det reglar som gjer at bestemte teikn ikkje kan brukast ved sida av andre teikn. Viss du slår på kontroll av innskrivingssekvensar (SIC), vil ikkje LibreOffice tillata at eit teikn vert brukt ved sida av eit anna teikn viss det finst ein regel som ikkje tillet dette.
Aktiverer sekvensinnskrivingkontroll for språk som for eksempel thai.
Hindrar bruk og utskriving av teiknkombinasjonar som ikkje er tillatne.
Vel korleis skrivemerket skal flyttast og brukast til å merke tekst i blanda tekst (når tekst som vert skriven frå venstre mot høgre vert blanda med tekst som vert skriven frå høgre mot venstre).
Når du trykkjer «Pil høgre», vert skrivemerket flytt til slutten av teksten. Når du trykkjer «Pil venstre», vert skrivemerket flytt til byrjinga av teksten.
Skrivemerket vert flytt mot høgre når du trykkjer «Pil høgre» og mot venstre når du trykkjer «Pil venstre».
Markerer taltypen som skal brukast i tekst, tekst i objekt, felt og kontrollelement i alle LibreOffice-modular. Berre celleinnhaldet i LibreOffice Calc er upåverka av dette.
Arabisk: Alle tal vert viste i talformatet arabisk. Dette er standardinnstillinga.
Hindi: Alle tal vert viste i talformatet hindi.
System: Alle tal vert viste i talformatet arabisk eller hindi, i samsvar med dei lokale innstillingane som systemet er sett til.
Denne innstillinga vert ikkje lagra i dokumentet, men i oppsettet for LibreOffice.