Asiatisk oppsett
Definerer dei typografiske standardinnstillingane for asiatisk tekst.
Kerning
Gjev standardinnstillinga for kerning mellom enkeltteikn (større eller mindre teiknavstand).
Berre vestleg tekst
Gjer at kerning berre vert brukt på vestleg tekst.
Vestleg tekst og asiatisk teiknsetjing
Gjer at kerning vert brukt både på vestleg tekst og asiatisk teiknsetjing.
Teiknavstand
Set standardinnstillingane for teiknavstand i tekst, celler og teikneobjekt på asiatiske språk.
Ingen komprimering
Gjer at det ikkje vert brukt noko form for komprimering.
Komprimer berre teiknsetjinga
Gjer at berre teiknsetjinga vert komprimert.
Komprimer teiknsetjinga og japansk kana
Angjev at teiknsetjing og japansk Kana er komprimert.
Første og siste teikn
Bestemmer standardinnstillingane for første og siste teikn. I dialogvindauget som vert vist når du vel Format → Avsnitt → Asiatisk typografi kan du velja om lista over ugyldige teikn skal gjelda teikn i byrjinga eller slutten av eit avsnitt.
Språk
Angjev språket som dei første og siste teikna skal definerast for.
Standard
Når du markerer Standard, vert dei følgjande to tekstboksane utfylte med standardteikna for det valde språket:
Ikkje først på linja:
Vel teikn som ikkje skal stå åleine ved starten av ei linje. Dersom eit teikn du skriv inn her kjem sist på ei linje etter eit linjeskift, vert teiknet automatisk flytt til slutten av den førre linja. For eksempel vil eit ropeteikn til slutt i ei setning aldri verta vist først på den neste linja dersom teiknet er med på lista Ikkje først på linja.
Ikkje sist på linja:
Vel teikn som ikkje skal førekoma åleine på slutten av ei linje. Dersom eit teikn du skriv inn her kjem sist på ei linje etter eit linjeskift, vert teiknet automatisk flytt til starten av den førre linja. For eksempel vil eit valutateikn som står før eit beløp aldri verta vist til slutt på den førre linja dersom teiknet er med på lista Ikkje sist på linja.