Språk

Bestemmer standardspråk og andre lokale innstillingar for dokument.

For å bruka denne funksjonen …

D'oh! You found a bug (text/shared/00/00000406.xhp#sprachen not found).


Dialogvindauget for språkinnstillingar

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Språket til

Brukargrensesnitt

Vel det språket som skal brukast i brukargrensesnittet, for eksempel i menyar, dialogvindauge og hjelpetekstar. Du må ha installert ein fleirspråkleg versjon av LibreOffice eller ha minst éi ekstra språkpakke for å kunna gjera dette.

Innslaget «Forvald» i språklista vel språket som er sett i operativsystemet. Dersom dette språket ikkje er tilgjengeleg i LibreOffice , vert språket vald i installasjonen for LibreOffice sett som «normalspråket».

note

Viss språket du er ute etter ikkje er i lista, kan du lasta ned den tilsvarande språkpakken frånettsida til LibreOffice.


Lokale innstillingar

Vel dei lokale innstillingane for landet du er i. Dette påverkar innstillingar for nummerering, valuta og måleeiningar.

Oppføringa «Standard» vel landinnstillinga som er sett i operativsystemet.

Endringar i dette feltet gjeld straks. Nokre format som er sette i standardinnstillingane, vert endra berre dersom dokumentet vert lasta inn på nytt.

Standarvaluta

Vel kva valuta som skal brukast som standard for valutaformat og valutafelt. Viss du byter til eit nytt språk, vert standardvalutaen endra automatisk.

Standardoppføringa er valutaformatet som er sett i den valde lokale innstillinga.

Viss du gjer endringar i feltet Standardvaluta, vert endringane overførte til alle opne dokument slik at det vert gjort tilsvarande endringar i dialogvindauga og knappane som styrer valutaformatet i desse dokumenta.

Tast for desimalteikn - Same som i dei lokale innstillingane

Vel at tasten for desimalskiljeteikn som er sett som standardverdi på maskinen skal brukast når du trykkjer den tilsvarande tasten på taltastaturet.

Viss det er sett eit merke i denne avkryssingsboksen, vert teiknet som vert vist etter «Same som i lokalinnstillingane» sett inn når du trykkjer tasten på taltastaturet. Viss det ikkje er sett eit merke i denne avkryssingsboksen, vert teiknet som vert sett inn bestemt av systeminnstillingane.

Godkjende datomønster

Spesifiserer datomønsteret for det gjeldande lokale språket. Tabellceller i Calc og Writer må ha inndata som høver til datomønsteret for lokale innstillingar for å kunne oppfatte inndataa som ein gyldig dato.

Viss du skriv inn tal og teikn som svarar til dei datomønstra som er sette for ei tabellcelle og så flytter markøren ut av cella, vil LibreOffice kjenna igjen og konvertere inndataa automatisk til ein dato formatert ut frå dei lokale innstillingane.

Det første mønsteret i Godkjende datomønster vert bestemt av lokaliseringa (sett i Lokale innstillingar), men du kan endra desse standardmønstra og leggja til fleire mønster. Bruk ; for å skilja mønstera.

Mønstera kan setjast saman ut frå desse reglane:

Viss du endrar dei lokale innstillingane vert datomønsteret stilt til dei nye lokale innstillingane og alle tilpassa endringar eller tillegg forsvinn.

I tillegg til dei strikte mønstera definerte i redigeringsvindauget, vert innskrivingar som passar mønsteret Å-M-D kjende igjen og vert automatisk omforma til ein dato. Innskrivingar som byrjar med tala 1 til 31 vert ikkje tolka med dette Å-M-D-mønsteret. Frå og med LibreOffice 3.5 er denne innskrivinga formatert som ÅÅÅÅ-MM-DD (ISO 8601).

For alle mønstera vert ei tosifra årstal handsama i høve til innstillingane i Verktøy → Innstillingar → Generelt → År (to siffer).

Standardspråk for dokument

Bestemmer kva språk som skal brukast i stavekontrollar, synonymordlister og i orddelingar.

Velja språk for dokumentet

warning

Stavekontrollen for det valde språket fungerer berre dersom den tilsvarande språkmodulen er installert.Det er eit kryss framføre ei språkoppføring dersom ho er aktivert for dette språket.


Vestleg

Bestemmer kva språk som skal brukast i stavekontrollen av tekst med vestleg alfabet.

Vis brukargrensesnittelementa for austasiatisk tekst

Aktiverer støtte for asiatiske språk. Du kan nå tilpassa innstillingane for samsvarande asiatiske språk i LibreOffice.

Viss du skal skriva på kinesisk, japansk eller koreansk, kan du slå på støtte for desse språka i brukargrensesnittet.

Asiatisk

Bestemmer kva språk som skal brukast i stavekontrollen av tekst med asiatisk alfabet.

Vis brukargrensesnittelementa for tovegs skriving

Slår på støtte for kompleks tekstvising. Du kan nå endra dei tilhøyrande innstillingane for kompleks tekstvising i LibreOffice.

Språk som brukar kompleks tekstvising (CTL)

Kompleks tekstutforming:

Bestemmer kva språk som skal brukast for kompleks tekstutforming.

Berre for dette dokumentet

Gjer at innstillingane for standardspråka berre gjeld for det aktive dokumentet.

Utvida språkstøtte

Ignorer inndataspråket til systemet

Bestemmer om endringar i språkval for systemet og for tastaturet skal ignorerast eller ikkje. Viss dette vert ignorert, vil ny tekst som vert skrive inn følgja språket i dokumentet eller det gjeldande avsnittet, ikkje systemspråket.

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Støtt oss!