MS Office

Fastsett innstillingane for import og eksport av Microsoft Office og andre dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Last inn/Lagra → Microsoft Office


Innbygde objekt

I Innebygde objekt bestemmer du korleis Microsoft Office OLE-objekt eller andre OLE-objekt skal importerast og eksporterast.

Desse innstillingane gjeld når det ikkje finst nokon Microsoft OLE-tenar (for eksempel i UNIX) eller når ingen LibreOffice OLE-tenar er klar til å redigera OLE-objekta.

Viss ein OLE-tenar er aktiv for det innebygde objektet, vert OLE-tenaren brukt for å handtera objektet.

Viss det ikkje er aktivert ein OLE-tenar for objektet, kan innebygde MathType-objekt konverterast til LibreOffice Math-objekt. For å kunna gjera dette, må MathType-objektet ikkje gå ut over MatType 3.1-spesifikasjonane.

Kolonnane [O] og [L]

Avkryssingsfelta [O] og [L] viser oppføringane for det paret av OLE-objekt som kan konverterast når dei vert lasta inn i LibreOffice [O: opna] og/eller lagra i eit Microsoft-format [L: lagra].

Sett eit merke i boksen [O] i kolonnen framføre oppføringa viss eit Microsoft eller andre OLE-objekt skal gjerast om til det spesifiserte LibreOffice OLE-objektet når eit Microsoft eller andre dokument vert lasta inn i LibreOffice.

Sett eit merke i boksen [L] i kolonnen framføre oppføringa viss eit LibreOffice OLE-objekt skal gjerast om til det spesifiserte Microsoft OLE-objektet når eit dokument vert lagra i eit Microsoft-filformat.

Teiknutheving

Microsoft Office har to teiknattributt som liknar LibreOffice si teiknutheving. Bruk denne kontrollen for å velja det attributtet, utheving eller skugge, som LibreOffice skal bruka ved eksport til Microsoft Office sine filformat.

Uthevinga eksporterer den fargen som er nærast LibreOffice sin uthevingsfarge av dei 16 uthevingsfargane Microsoft brukar i Office. Dette gjer det enklare for Office-brukarar å redigera med uthevingsverktøyet i Office-program. Dette er standardinnstillinga i LibreOffice 5.0 til 6.4.

Skuggeleggjing eksporterer alle RGB-fargane til andre teiknattributt i Office. Dette gjer at fargane vert viste nokså likt både i LibreOffice og Microsoft Office-dokument, men Office-brukarar må redigera dette teiknattributtet med eit verktøy som ikkje vert brukt ofte eller er lett å finna i Office-program. Dette er standardinnstillinga sidan LibreOffice 7.0.

tip

Kompabilitetsfilteret i dialogvindauget Uthevingsfarge for teikn inneheld uthevingsfargane brukte i Microsoft Office. Bruk desse fargane og vel Eksporter som: Utheving for å ha både fargelikskap og å gjera redigeringa enklare for brukarar av Office.


Låsefiler

Merk av i avkryssingsfeltet for å laga ei Microsoft Office-låsefil i tillegg til LibreOffice si låsefil. Låsefiler gjev signal til programmet om at ein resurs eller ei fil ikkje skal brukast før låsen vert opna.

tip

LibreOffice kan lesa låsefiler laga av Microsoft Office.


Støtt oss!