LibreOffice 25.2 Hjelp
Definerer formelinnstillingar som gjeld for alle dokumenta.
Vel om du vil ha med dokumentnamnet på utskrifta.
Vel om du vil ha med innhaldet i kommandovindauget på slutten av utskrifta.
Legg på ei tynn ramme rundt formelområdet på utskrifta.Overskriftsrad og Formeltekst får berre rammer dersom det er kryssa av for dette.
Skriv ut formelen utan å endra den gjeldande skriftstorleiken. Ved store formlar kan det hende at ein del av kommandoteksten vert kutta av.
Justerer formelen til sideformatet som vert brukt i utskrifta. Den verkelige storleiken vert bestemt av papirformatet som er brukt.
Minskar eller aukar storleiken på den utskrivne formelen med ein gjeven faktor. Skriv forstørringsfaktoren direkte inn i Skalering eller set verdien ved å bruka pilknappane.
Vel om jokerteikna for mellomrom skal fjernast når du er på slutten av ei linje. I tidlegare versjonar av LibreOffice kunne du leggja til slike teikn på slutten av ei linje for å hindra at høgrekanten på formlar vart kutta ved utskrift.
Lagrar berre dei symbola som er brukte i formelen. I eldre versjonar av LibreOffice vart alle symbola lagra for kvar formel.