LibreOffice 24.8 Hjelp
Definerer utskriftsformatet og utskriftsinnstillingane for alle nye formeldokument. Desse innstillingane er verksame når du skriv ut ein formel direkte frå LibreOffice Math. Du kan også opna dialogvindauget ved å klikka på knappen Innstillingar i dialogvindauget Skriv ut. Innstillingane du definerer i vindauget vil gjelda for alle utskrivingar, medan innstillingane i dialogvindauget for utskrift berre gjeld for det gjeldande dokumentet.