LibreOffice 25.8 Hjelp
Definerer dei generelle innstillingane for teiknings- og presentasjonsdokument.
Vel om Vel ein vegvisar skal verta slått på når du opnar ein presentasjon med Fil → Ny(tt) → Presentasjon.
Dersom denne er på, kan du redigera teksten like etter at du har klikka på eit tekstobjekt. Dersom denne er av, må du dobbeltklikka for å kunna redigera teksten.
I ein presentasjon eller ei tikning kan du også slå på tekstredigeringsmodus via ikonet Tillat snøggredigering i linja for Innstillingar.
Gjer at eit tekstfelt vert merkt ved å trykkja på teksten.
I eit område av eit tekstfelt som ikkje er fylt med tekst, kan du velja å merkja eit objekt bak tekstfeltet.
I ein presentasjon eller ei tikning kan du også slå på denne modusen via ikonet Merk berre tekstområdet i linja for Innstillingar.
Viss denne er slått på, vert det laga ein kopi når du flyttar eit objekt medan du held nede Det same gjeld når du roterer eller endrar storleik på objektet. Det opphavlege objektet vert verande på den opphavlege plasseringa med uendra storleik. .
Vel om du vil bruka mellomlageret når du skal visa objekt på hovudlysbiletet. Dette gjer at innhaldet vert vist snøggare på skjermen. Fjern avkryssinga for Bruk mellomlager for bakgrunnen dersom du vil visa innhald som endrar seg, på hovudlysbiletet.
Vel om du vil flytta eit objekt når roteringsverktøyet er slått på. Dersom ikkje Objekt alltid flyttbare er valt, kan roteringsverktøyet berre brukast til å rotera eit objekt.
Beheld den relative justeringa av bézierpunkt og teikneobjekt i 2D når du forvrenger objektet.
Bestemmer Måleeining for presentasjonar og teikningar.
Bestemmer avstanden mellom tabulatorane.
Bestemmer teikningsskalaen på statuslinja. Høgreklikk på skaleringsfaktoren i statuslinja for å opna ei liste over moglege verdiar.