LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel innstillingane for utskrift inne i ei teikning eller eit presentasjonsdokument.
Definerar tilleggselement som skal skrivast ut i sidemargen.
Bestemmer om namnet på sida skal skrivast ut.
Bestemmer om gjeldande dato skal skrivast ut.
Bestemmer om gjeldande klokkeslett skal skrivast ut.
Vel om gøymde sider skal skrivast ut i presentasjonen.
Sjå også Utskriving i svart og kvitt.
Vel om du vil skriva ut i originalfargane.
Vel om du vil skriva ut i fargar eller gråtoner.
Vel om du vil skriva ut i svart/kvitt.
Vel tilleggsinnstillingar for utskrift av sidene.
Vel at du ikkje vil skalera sider når dei skal skrivast ut.
Vel om objekt som er utføre skrivarmargane skal skalerast slik at dei får plass på papiret brukt i skrivaren.
Gjer at sidene vert skrivne ut ved sida av kvarandre. Viss sidene eller lysbileta er mindre enn papirformatet, vert det skrive ut fleire sider på arket.
Vel Brosjyre for å skriva ut dokumentet i brosjyreformat. Du kan også velja om du vil skriva ut framsida eller baksida eller begge.
Vel Framside for å skriva ut framsida av brosjyren.
Vel Bakside for å skriva ut baksida av brosjyren.
Gjer at den papirskuffen som er definert i skrivaroppsettet skal brukast.