LibreOffice 25.2 Hjelp
Definerer innstillingar for formelsyntaksen og innstillingane for innlasting for LibreOffice Calc.
Det er tre val. Lat oss sjå nærare på dei i eit eksempel. Vi har eit rekneark med to ark, Ark1 og Ark2. I cella A1 i Ark1 er det ein referanse til cella C4 i Ark2.
Calc A1 - Dette er standarden i LibreOffice Calc. Referansen vert =$Ark2.C4
Excel A1 - Dette er standarden i Microsoft Excel. Referansen vert =Ark2!C4
Excel R1C1 - Dette er den relative rad-/kollonneadresseringa som vert brukt i Micrsoft Excel. Referansen vert =Ark2!R[3]C[2]
I LibreOffice Calc kan formelnamna omsetjast. som standard er denne avkryssingsboksen ikkje merkt. Dette betyr at dei norske funksjonsnamna vert brukte. Ønskjer du å bruka dei engelske funksjonsnamna i staden for dei norske, kryssar du av i denne boksen. Dette verkar for desse områda: innskriving og vising av formlar, funksjonsvegvisaren og formeltips. Sjølvsagt kan du fjerna avkryssinga i denne boksen for å gå tilbake til norske funksjonsnamn.
Denne gruppa let deg velja skiljeteikn som skal brukast i formeluttrykk. Dette kan vere praktisk når du vil bruka andre skiljeteikn, for eksempel punktum (.) i staden for semikolon (;).
I staden for å skriva for eksempel =SUM(A1;B1;C1) kan du skriva =SUM(A1,B1,C1).
På same måten kan du endra skiljeteikna for rader og kolonnar for innebygde tabellar. Tidlegare vart det brukt semikolon (;) som skiljeteikn for kolonnar og strek (|) som skiljeteikn for rader. Eit typisk uttrykk for ein innebygd tabell med 5 × 2 matrise kunne då sjå slik ut:
={1;2;3;4;5|6;7;8;9;10}
Når kolonneskiljeteikna vert endra til komma (,) og radskiljeteikna til semikolon (;) vil det same uttrykket sjå slik ut:
={1,2,3,4,5;6,7,8,9,10}
Å rekna ut formlane på nytt ved innlasting kan ta mykje tid når filene er store.
Det kan ta lang tid å lasta inn ei stor reknearkfil. Dersom du ikkje treng å oppdatera dataa i reknearket straks, kan du utsetja omrekninga til ein gong det passar betre. I LibreOffice kan du utsetja utrekningane av rekneark frå Excel 2007 og nyare for å gjere innlastinga raskare.
LibreOffice lagrar resultata frå reknearkformlar i ODF-fila. Denne funksjonen hjelper LibreOffice med å rekna ut på nytt store ODF-rekneark lagra med LibreOffice.
For rekneark lagra som ODF av andre program, der det ikkje finst mellomlagringar av utrekningane, kan utrekninga utsetjast til seinare for å gjera innlastinga av Excel 2007-filer raskare.
Desse vala er moglege for innskrivingane ovanfor:
Rekn aldri ut på nytt - Ingen formlar vert rekna ut på nytt ved innlasting av fila.
Rekn alltid ut på nytt - Alle formlar vert rekna ut på nytt ved innlasting av fila.
Spør brukaren - Spør brukaren om kva som skal gjerast.
Rekneark som er lagra i ODF av LibreOffice vil føretrekka uttrykka Rekn aldri ut på nytt og Rekn alltid ut på nytt.
For store reknearkdokument tek utrekninga av den beste radhøgda omsyn til formateringa av celleinnhaldet og resultatet av vilkårdformateringane. Denne innstillinga hjelper til med å forkorta tida for innlastinga ved å kontrollera utrekninga av den beste radhøgda.
Rekn aldri ut på nytt - Ingen radhøgder vert rekna ut på nytt ved innlasting av fila.
Rekn alltid ut på nytt - Alle radhøgder vert rekna ut på nytt ved innlasting av fila.
Spør brukaren - Spør brukaren om kva som skal gjerast.