Skriv ut

Bestemmer skrivarinnstillingane for rekneark.

Alle innstillingane for rekneark vert sette i → LibreOffice Calc → Skriv ut. For å setja innstillingane berre for det gjeldande dokumentet, vel Fil → Skriv ut og klikk på knappen Innstillingar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice Calc → Skriv ut


Sider

Bruk _alltid manuelle sideskift

Ved å setja dette alternativet, får manuelle linjeskift forrang framfor automatiske sideskift som vert utførte ved å bruka skaleringsmodusen Forminsk/forstørr utskrifta.

Hindra sending av tomme sider

Her bestemmer du at tomme sider utan celleinnhald eller teikneobjekt ikkje skal skrivast ut. Celleeigenskapar som kantar og bakgrunnsfarge vert ikkje sett på som celleinnhald. Tomme sider vert ikkje rekna med i sidenummereringa.

Ark

Berre skriv ut valde ark

Gjer at berre innhaldet i dei merkte arka skal skrivast ut, sjølv om du vel eit større område i dialogvindauget Format → Skriv ut eller i dialogvindauget Format → Utskriftsområde. Innhaldet i ark som ikkje er merkte vert ikkje skrive ut.

Tipsikon

For å merkja fleire ark, trykk på arknamnet i den nedste margen medan du held nede tasten .


Støtt oss!