Endringar

Dialogvindauget Endringar inneheld ulike alternativ for korleis dei registrerte endringane skal uthevast i dokument.

For å registrera endringane i dokumentet, vel Rediger → Spor endringar → Registrer.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit rekneark og vel → LibreOffice Calc → Endringar


Fargemerking av endringar

Bestemmer fargar for endringar som vert tekne opp. Viss du vel oppføringa «Etter forfattar», vil LibreOffice automatisk bruka fargen som er vald for forfattaren til å merkja endringar denne forfattaren har gjort.

Endringar

Bestemmer fargen som skal brukast for å visa endringar i celleinnhald.

Slettingar

Bestemmer kva farge som skal brukast for å utheva slettingar i eit dokument.

Innsetjingar

Bestemmer kva farge som skal brukast for å utheva innsetjingar i eit dokument.

Flytta oppføringar

Bestemmer kva farge som skal brukast for å utheva celleinnhald som er flytt på.

Støtt oss!