Rekn ut

Vel innstillingar for utrekningane i rekneark. Vel kva reknearka skal gjera med gjentekne referansar, datoinnstillingar, talet pÄ desimalplassar og om det skal skiljast mellom store og smÄ bokstavar nÄr du sÞkjer i reknearket.

For Ă„ bruka denne funksjonen 


Opna eit rekneark og vel → LibreOffice Calc → Rekn ut


Sirkelreferansar

I denne delen kan du avgrensa talet pÄ steg som skal brukast ved gjentekne utrekningar. I tillegg kan du ogsÄ bestemma kor nÞyaktig svaret skal visast.

Repetisjonar

Bestemmer om formlar med sirkelreferansar (formlar som vert gjentekne til problemet er lÞyst) skal reknast ut med eit bestemt tal pÄ gjentakingar. Dersom boksen Repetisjonar ikkje er avmerka, vil ein sirkelreferanse i tabellen fÞre til at det vert vist ei feilmelding.

Eksempel: Utrekning av kostnad utan meirverdiavgift.

  1. Skriv inn teksten «Salspris» i celle A5, teksten «Nettopris» i celle A6 og teksten «Moms» i celle A7.

  2. Skriv inn ein salspris (for eksempel 100) i celle B5. Nettoprisen skal visast i celle B6 og momsen vert vist i celle B7.

  3. Du veit at momsen skal reknast ut som nettopris gonger 25 % og at du finn nettoprisen ved Ä trekkja momsen frÄ salsprisen. Skriv inn formelen =B5-B7 i B6 for Ä rekna ut nettoprisen og skriv inn formelen =B6*0,25 i celle B7 for Ä rekna ut momsen.

  4. SlÄ pÄ repetisjonar for Ä rekne ut formlane pÄ rett mÄte. Dersom du ikkje gjer dette, vert feilmeldinga «Feil: Sirkelreferanse» vist i statuslinja

A

B

5

Salspris

100

6

Nettopris

=B5-B7

7

Moms

=B6*0,15


Steg

Set det stÞrste talet pÄ steg i gjennomgangen.

Minste endring

Vel skilnaden mellom resultatet frÄ to gjentakande steg. Viss skilnaden er mindre enn minimumsverdien for endring, stoppar gjennomgangen.

Dato

Vel startdato for den interne omrekninga frÄ dagar til tal.

30.12.1899 (standard)

Set 31. desember 1899 som dag null.

01.01.1900 (StarCalc 1.0)

Set 01.01.1904 som dag null. Bruk denne innstillinga for StarCalc-rekneark som inneheld datoar.

01.01.1904

Set 01.01.1904 som dag null. Bruk denne innstillinga for rekneark som vert importerte frÄ eit eksternt format.

Skil mellom store og smÄ bokstavar

Kryss av her for Ä skilje mellom smÄ og store bokstavar i teksten nÄr du samanliknar innhaldet i celler.

Eksempel: Skriv inn teksten «Test» i celle A1 og teksten «test» i celle B1. Skriv deretter inn formelen «=A1=B1» i celle C1. Dersom Skil mellom smÄ og store bokstavar er avmerkt, vil cella vise «USANN», elles vil ho vise «SANN».

note

Tekstfunksjonen EXACT skil alltid mellom store og smÄ bokstavar, uavhengig av vala i dette dialogvindauget.


warning

SlÄ av skiljet mellom stor og smÄ bokstavar for Ä kunna brukast saman med Microsoft Excel.


Presisjon som vist

Set eit merke her for Ă„ gjera utrekningane med dei avrunda verdiane som vert viste i arket. Diagramma vil bruka verdiane som vert viste. Dersom det ikkje er merka av for Presisjon som vist, vil tala som vert viste vera avrunda, medan interne utrekningar vil bruka dei nĂžyaktige tala.

SÞkjekriteria = og <> mÄ gjelda heile celler

Bestemmer at sÞkjekriteria du vel for databasefunksjonar i Calc skal vere i nÞyaktig samsvar med heile cella. NÄr det er merkt av for SÞkjekriteriar = og <> mÄ gjelde heile celler og feltet SlÄ pÄ jokerteikn i formlar er merkt, fungerer LibreOffice Calc pÄ nÞyaktig same mÄte som MS Excel ved sÞk i celler med databasefunksjonane.

* er plassert slik:

SĂžkjeresultat:

win

Finn win, men ikkje win95, os2win og upwind

win*

Finn win og win95, men ikkje os2win eller upwind

*win

Finn win og os2win, men ikkje win95 eller upwind

*win*

Finn win, win95, os2win og upwind


Dersom det ikkje er merkt av for SÞkjekriteria = og <> mÄ gjelda heile celler, gjev sÞkjemÞnsteret «win» same resultatet som «.*win*». SÞkjemÞnsteret kan vera kvar som helst i ei celle nÄr du sÞkjer med databasefunksjonar i Calc.

warning

SlÄ pÄ samsvar for heile cella i rekneark som skal samarbeida med Microsoft Excel.


SlÄr pÄ jokerteikn i formlar

Bestemmer at jokerteikn er slÄtt pÄ ved sÞking og ved samanlikning av tekststrengar.

warning

SlÄr pÄ bruken av jokerteikn i rekneark som skal fungera saman med Micrsoft Excel.


Bruk regulĂŠre uttrykk i formlar

Bestemmer at regulÊre uttrykk kan brukast i staden for jokerteikn nÄr du sÞkjer og ved samanlikning av tekststrengar.

warning

SlÄ ikkje pÄ regulÊre uttrykk i formlar i rekneark som skal fungera saman med Micrsoft Excel.


Ingen jokerteikn eller regulĂŠre uttrykk i formlar

Bestemmer at berre bokstavstrengar kan brukast nÄr du sÞkjer og ved samanlikning av tekststrengar.

warning

SlÄ ikkje av jokerteikn i formlar i rekneark som skal fungera saman med Micrsoft Excel.


Finn kolonne- og radoverskrifter automatisk

Vel at du kan bruka teksten i kva celle som helst til Ä sjÄ pÄ kolonneomrÄdet under teksten, eller rada til hÞgre for teksten. Teksten mÄ innehalda minst eitt ord, og kan ikkje innehalda operatorar.

Eksempel: Celle E5 inneheld teksten «Europa». Verdien i cella under ho, det vil seie i celle E6, er 100, og verdien i celle E7 er 200. Dersom det er kryssa av for Finn kolonne- og radoverskrifter automatisk, kan du skriva denne formelen inn i celle A1: =SUM(Europa).

Avgrens desimalar for generelle talformat

Du kan her velja kor mange desimalplassar som normalt vert viste i celler med generelt talformat. Dersom denne ikkje er aktivert, vert det vist sÄ mange desimalar som det er plass til i cella.

Tal pÄ desimalplassar

Bestemmer kor mange desimalar som skal visast nÄr talformatet er Generelt. Tala som vert viste er avrunda, men dei meir nÞyaktige tala vert lagra.

StĂžtt oss!