LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel kva for element i hovudvindauget til LibreOffice Calc som skal visast. Du kan også visa eller gøyma markering av verdiar i tabellen.
Vel ulike innstillingar for skjermvisinga.
Bestemmer om formlar skal visast i staden for resultat i cellene.
Bestemmer om tal med verdien 0 skal visast.
Her kan du bestemma at det skal setjast inn ein liten trekant i øvre, høgre hjørne i cella for å visa at det finst ein merknad til cella. Merknaden vert berre vist dersom du slår på tips under LibreOffice → Generelt i dialogvindauget for innstillingar.
For å vise ein merknad permanent, vel Vis merknad frå lokalmenyen til cella.
Du kan skriva og redigera merknadar ved hjelp av kommandoen Set inn → Merknad. Merknadar som vert viste permanent, kan redigerast ved å klikka i merknadsboksen. Kikk på navigatoren. Under merknaden kan du sjå alle merknadane i det gjeldande dokumentet. Dersom du dobbeltklikkar på ein merknad, vil markøren hoppe til den cella som inneheld merknaden.
Viss denne boksen er merkt av, vert forfattaren av merknaden og datoen og klokkeslettet då merknaden vart laga vist i merknadsvindauget når du held musepeikaren over ein merknad.
Forfattarnamnet vert vist slik det er i felta Fornamn og Etternamn i dialogvindauget Brukardata. Viss desse felta er blanke, vert forfattarnamnet vist som «Ukjend forfattar». Oppdatering av brukardataa påverkar berre merknadar laga etter oppdateringa.
Teiknar ein blå trekant nedst til venstre i ei celle som inneheld ein formel. Når du held peikaren over den blå trekanten, vert formelen vist i ei hjelpeboble sjølv om ei anna celle er merkt.
Merk feltet Uthev verdiar for å visa celleinnhald med ulike fargar avhengig av typen. Tekstceller er vert viste i svart, formlar i grønt, talceller i blått og verna celler med ein lysegrå bakgrunn, uavhengig av korleis visinga er formatert.
Når dette valet er slått på, vert dei fargane du sjølv har lagt til i dokumentet ikkje viste før du slår av funksjonen.
Når denne kommandoen er i bruk, vert kolonnen og rada til ei merkt celle utheva. Viss det er merkt fleire celler, vert berre kolonnen og rada for den første cella utheva.
Når denne kommandoen er i bruk, vert bakgrunnen i ei celle utheva når ho er i redigeringsmodus.
Bestemmer om ankerikonet skal visast når eit innsett objekt, som for eksempel eit biletobjekt, er merkt.
Gjer at kvar referanse er merkt med ein farge i formelen. Celleområdet vert også omgjeve av ein farga kant så snart cella som inneheld referansen er merkt for redigering.
Bestemmer kva for linjer som skal visast.
Spesifiserer når rutenett skal visast. Som standard vert rutenettet berre vist på celler som ikkje har bakgrunnsfarge. Du kan velja at rutenettet skal visast også når cellene har bakgrunnsfarge, eller å gøyma det. For utskriving, vel Format → Side → Ark og merk av i avkryssingsboksen Rutenett.
Spesifiserer om LibreOffice Calc skal bruka standardpeikaren frå systemet eller peikarstilen som høyrer til ikontemaet.
Vis markøren slik han er definert i ikontemaet, til vanleg ein feit kross.
Vis markøren slik han er definert i ikontemaet, til vanleg ei pil.
Bestemmer om sideskift inne i eit definert utskriftsområde skal visast.
Bestemmer om hjelpelinjene skal visast når du flyttar teikningar, rammer, bilete og andre objekt. Hjelpelinjene gjer det lettare å plassera objekta.
Bestemmer om du vil visa eller gøyma objekt for opp til 3 objektgrupper.
Bestemmer om objekt og bilete skal visast eller gøymast.
Bestemmer om diagram skal visast eller gøymast.
Bestemmer om teikneobjekt skal visast eller gøymast.
Bestemmer om nokre hjelpeelement skal visast i tabellen eller ikkje.
Bestemmer om rad- og kolonneoverskrifter skal visast eller ikkje.
Bestemmer om det skal setjast inn eit loddrett rullefelt til høgre i dokumentvindauget.
bestemmer om det skal setjast inn eit loddrett rullefelt til høgre i dokumentvindauget.
Her bestemmer du om arkfanene nedst på arket skal visast. Viss dette feltet ikkje er merkt, er det berre råd å byte mellom arka ved å bruka .
Viss du har definert ein disposisjonssymbolet bestemma om symbolet skal visast på kanten av arket. , vil
Viss denne boksen er merkt, vert det opna eit vindauge med søkjeresultat når du vel . Boksen med søkjeresultata viser kor mange samsvarande søkjeresultat og lister:
iarket der kvart resultat er funne;
cella der kvart resultat er lagt inn; og
innhaldet i cella som inneheld kvart resultat.
Viss du fjernar merket for
i søkjeresultatvindauget, vert denne funksjonen slått av.Dersom denne er avkryssa, vert alle arka viste med same forstørringa. Er det ikkje avkryssa her, kan kvart ark verta vist med ulik forstørring.