Samspel

Vel innstillingar for samspel i tekstdokument. Desse innstillingane er til hjelp dersom du vil finjustera LibreOffice ved import av Microsoft Word-dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer → Kompatibilitet


note

Nokre av innstillingane som er oppgjevne her gjeld berre for det opne dokumentet og må oppgjevast for kvart enkelt dokument.


Legg til mellomrom mellom avsnitt og tabellar

I LibreOffice Writer vert mellomrom i avsnitt lagde til annleis enn i Microsoft Word. Dersom du har lagt til mellomrom mellom to avsnitt eller tabellar, vert det også lagt til mellomrom i dei tilsvarande Microsoft Word-dokumenta.

Bestemmer om det skal brukast Microsoft Word-kompatible mellomrom mellom avsnitt og tabellar i LibreOffice Writer tekstdokument.

Legg til avsnitt og tabellavstand øvst på den første sida og sideskift

Bestemmer om avstanden mellom avsnitt på toppen av sida også skal gjelda på starten av ei side eller ein kolonne viss avsnittet er plassert på den første sida i dokumentet. Det same gjeld for sideskift.

note

Dersom du importerer eit Microsoft Word-dokument, vert mellomromma lagt til automatisk ved konverteringa.


Bruk tabulatorinnstillingane frå OpenOffice.org 1.1

Bestemmer korleis tekst skal justerast ved tabulatorar utanfor høgremargen, korleis desimaltabulator skal handsamast, og korleis tabulatorar som ligg nær linjeskift skal handsamast. Dersom det ikkje er kryssa av i denne boksen, vert tabulatorane handsama på same måte som i andre Office-program.

I tekstdokument som er laga med den gjeldande versjonen av Writer, vert den nye tabulatorhandsaminga brukt som standard. I dokument som er laga med tidlegare versjonar enn StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0, vert den tidlegare tabulatorhandsaminga brukt.

Ikkje legg til ekstra avstand (innleiande) mellom tekstlinjer

Vel at fleire ekstra (innleiande) mellomrom mellom tekstlinjer ikkje skal leggjast til, sjølv om skrifta som vert brukt inneheld fleire innleiande eigenskapar.

I tekstdokument som er laga med den gjeldande versjonen av Writer, vert fleire innleiande mellomrom brukte som standard. I dokument som er laga med tidlegare versjonar enn StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0, vert fleire innleiande mellomrom ikkje brukte.

Bruk linjeavstandane frå OpenOffice.org 1.1

Dersom dette er slått av, vert det brukt ein ny metode til å formatera tekstlinjer med proporsjonal linjeavstand. Dersom dette er slått på, vert den tidlegare metoden for å formatera tekstlinjer med proporsjonal linjeavstand brukt.

Den nye metoden vert brukt i dokument som er laga med den gjeldande versjonen av Writer og nyare versjonar av MS Word. I tekstdokument som er laga med tidlegare versjonar enn StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0, vert den tidlegare metoden brukt.

Legg til avstand for avsnitt og tabellar nedst i tabellceller

Vel at avstand vert lagt til nedst i avsnitt, også når det er det siste avsnittet i ei tabellcelle.

Viss valet er slått av, vert celler formaterte som i Writer-versjonane før StartOffice 8 og OpenOffice.org 2.0. Viss valet er slått på, vert ein alternativ metode brukt for å formatera celler. Valet er normalt slått på for nyare dokument laga med LibreOffice og for dokument importerte frå Microsoft Word-format.

Bruk objektplasseringa frå OpenOffice.org 1.1

Bestemmer korleis plasseringa av flytande objekt som er forankra til eit teikn eller et avsnitt skal reknast ut i høve til avstanden i det øverste og det nederste avsnittet.

Dersom dette valet er på, vert det flytande objektet plassert slik som i Writer før StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0. Dersom dette valet er slått av, vert det brukt ein metode som er nokså lik den Microsoft Word brukar.

Valet vert slått av for nyare dokument. Valet vert slått på for Writer-dokument laga med ein versjon før OpenOffice.org 2.0.

Bruk OpenOffice.org 1.1-tekstbryting rundt objekt

Microsoft Word og Writer brukar ulike metodar til å bryta tekst rundt flytande objekt på skjermen. Flytande objekt på skjermen er rammer og teikneobjekt i Writer og objekta «tekstfelt», «grafikk», «ramme», «bilete» med fleire i Microsoft Word.

I Microsoft Word og i gjeldande versjonar av Writer vert ikkje innhaldet i topptekst og botntekst og i fotnotar og sluttnotar brote rundt flytande objekt på skjermen. Innhald i brødteksten vert brote rundt flytande objekt på skjermen viss objekta er forankra i toppteksten.

I versjonar av Writer frå før StarOffice 8 og OpenOffice.org 2.0 var det motsett.

Viss denne innstillinga er slått av, slik det er i standardinnstillingane, vert den nye tekstflyten brukt. Viss denne innstillinga er slått på, vert den tidlegare tekstflyten brukt.

Ta omsyn til tekstbrytingsstilen ved plassering av objekt

Bestemmer korleis den komplekse prosessen for plassering av flytande objekt som er forankra til eit teikn eller eit avsnitt skal fungera. I versjonar av Writer frå før StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0 vart ein gjentakande prosess brukt, medan prosessen som vert brukt i gjeldande versjonar er enklare og liknar på den som vert brukt i Microsoft Word.

Viss dette valet er slått av, vert den gamle interaktive metoden i LibreOffice for objektplassering brukt. Viss valet er slått på, vert ein ny og enklare metode brukt for å vera kompatibel med Microsoft Word-dokument.

Juster linjer med eit manuelt linjeskift i justerte avsnitt

Viss dette valet er slått på, vil Writer leggja til avstand mellom ord i linjer som vert avslutta med «Shift + Enter» i blokkjusterte avsnitt. Viss dette valet er slått av, vert ikkje avstanden mellom ord gjort større for å laga jamne margar.

Dette valet er slått på som standard for tekstdokument i ODT-format. Det vert lagra og lasta inn saman med tekstdokument i ODT-format. Dette valet kan ikkje lagrast i tekstdokument i det eldre SXW-formatet. Difor vil dette valet vera slått av for SXW-tekstdokument.

Tolerer kvite linjer som kan dukka opp i PDF-sidebakgrunnar

Bruk LibreOffice 4.3 forankrings-fargerekkjefølgje og tolerer kvite linjer som kan oppstå i PDF-sidebakgrunnen som vert laga av legacy-dokument.

Bruk som standard

Trykk på denne knappen for å bruka dei gjeldande innstillingane på denne fana som standard for seinare økter i LibreOffice.

Lista nedføre viser dei opphavlege standardinnstillingane frå installeringa. Innstillingane i lista er slått på, medan alle dei andre innstillingane er slått av:

  1. Legg til mellomrom mellom avsnitt og tabellar

  2. Legg til avstand for avsnitt og tabellar øvst på sidene

  3. Legg til avstand for avsnitt og tabellar nedst i tabellceller

  4. Større mellomrom mellom orda på linjer med manuelt linjeskift i blokkjusterte avsnitt

Støtt oss!