Generelt

Set generelle innstillingar for tekstdokument.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer → Generelt


Oppdater

Oppdater lenkjer ved innlasting

warning

Innstillingane for automatisk oppdatering av lenkjer lagra i dokumentet er ignorert på grunn av tryggleiken. Lenkjeoppdateringar er alltid avgrensa i LibreOffice i → .LibreOffice → Tryggleik.


Alltid

Oppdater alltid lenkjer når eit dokument vert opna, men berre viss dokumentet er i eit filområdet du stolar på eller det globale tryggleiksnivået er lågt. Vert ikkje tilrådd.

warning

Denne innstillinga vert handsama som På spørsmål dersom den globale makrotryggleiken er sett til låg i → LibreOffice → Tryggleik → Makro-tryggleik → Tryggleiksnivå Låg (ikkje tilrådd) eller at dokumentet er lagra på ein tiltrudd stad definert ved → LibreOffice → Tryggleik → Makro-tryggleik → Tiltrudde kjelder → Tiltrudde filplasseringar.


På oppmoding

Spør alltid om lenkjene skal oppdaterast når eit dokument vert lasta inn.

Aldri

Lenkjer vert aldri oppdaterte når eit dokument vert lasta inn.

Automatisk

Felt

Vel om innhaldet i alle felta skal oppdaterast automatisk når innhaldet på skjermen vert vist som nytt. Sjølv om det ikkje er kryssa av for dette, vert nokre felt uansett oppdaterte ved spesielle høve. Tabellen nedanfor viser kva for felt som vert oppdaterte utan omsyn til om det er kryssa av eller ikkje.

Vilkår

Automatisk oppdaterte felt

Ved utskrift av dokumentet (også eksport til PDF)

Forfattar, avsendar, overskrift, dato, klokkeslett, referansar, sist utskrive

Ved omlasting av dokumentet

Forfattar, avsendar, overskrift, dato, klokkeslett

Ved lagring av dokumentet

Filnamn, statistikk, dokumentnummer, redigeringstid og endra

Ved redigering av tekstlinja feltet er i

Forfattar, avsendar, overskrift, dato, klokkeslett

Ved manuell endring av ein variabel

Vilkårstekst, gøymd tekst, gøymde avsnitt, variablar og DDE-feltet

Ved avslåing av «fast innhald»

Forfattar, avsendar og alle felt med dokumentinformasjon

Ved endring av sidetal

Side


Diagram

Vel om diagramma skal oppdaterast automatisk. Når ein verdi i ei tabellcelle i Writer vert endra og skrivemerket forlèt cella, vert diagrammet som viser celleverdien automatisk oppdatert.

Innstillingar

Måleeining

Bestemmer måleeininga for tekstdokument.

Tabulatoravstand

Vel kor stor avstanden mellom tabulatorane skal vera. Den vassrette linjalen viser den valde avstanden.

Slå på teikneining

Når denne innstillinga er slått på, vert måleeiningane for innrykk og mellomrom på fana Format → Avsnitt → Innrykk og avstand teikn (ch) og linjer.

Bruk kvadratisk sidemodus på tekstrutenett

Når denne innstillinga er slått på, vil tekstrutenette likna på eit kvadrat. Kvadratisk side er ei sideutforming som vert brukt i Kina og Japan for å øve opp studentane i å skriva artiklar.

Ordteljing

Fleire skiljeteikn

Bestemmer kva teikn som skal brukast som ordskiljeteikn ved ordteljing, i tillegg til mellomrom, tabulatorar og linje- og avsnittbrytingar.

Vis standardisert sideteljing

Mange definerer ei «standardside» med eit spesifisert tal på ord eller teikn. Merk dette feltet for raskt å rekna ut dette talet på desse sidene.

Teikn per standardisert side

Sett talet på teikn i ei standardisert side.

Støtt oss!