Endringar

Definerer visinga av endringar i dokumentet.

For å ta opp eller visa endringar i teksten eller reknearket vel du Rediger → Spor endringar → Registrer eller Rediger → Spor endringar → Vis.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer → Endringar


Tekstvising

Set innstillingane for vising av registrerte endringar. Vel endringstype og tilhøyrande visingsinnstillingar og farge. Du kan sjå endringane i førehandsvisinga.

Innsetjingar → Eigenskap

Vel korleis endringane i dokumentet skal visast når tekst vert sett inn.

Slettingar → Eigenskap

Vel korleis endringar i dokumentet skal visast når tekst vert sletta. Dersom du slettar tekst, vert teksten vist med den valde formateringa (for eksempel gjennomstreking) i staden for å verta fjerna.

Endra eigenskap → Eigenskap

Her bestemmer du korleis endringar i tekstattributta skal visast i dokumentet. Dette gjeld attributt som for eksempel feit skrift, kursiv og understreking.

Farge

Du kan også velja ein farge for kvar type registrert endring. Når du vel vilkåret «Etter forfattar» i lista, vel LibreOffice automatisk fargar, slik at dei passar til endringar gjort av dei ulike forfattarane.

Endra linjer

For å visa kva for linjer i teksten som har vorte endra, kan du velja eit merke som skal visast i venstre eller høgre marg.

Marker

Vel om og korleis endra linjer i dokumentet skal merkast. Du kan velja at markeringane alltid skal vera i høgre eller venstre marg eller i den indre eller ytre margen.

Farge

Vel fargen for utheving av dei endra tekstlinjene.

Førehandsvis felt

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Støtt oss!