Formateringsstøtte

Vel vising av visse teikn og direkte skrivemerke i tekst- og HTML-dokument i LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer / LibreOffice Writer/Web → Formateringsstøtte


Utformingshjelp

Math grunnlinjejustering

Spesifiserer om formelobjekt i Math er justerte ved å bruka grunnlinja i teksten som referanse. Fjern merket for dette alternativet for å kunna endre den loddrette plasseringa av Math-objekt i eit avsnitt.

Vis formatering

Vel kva for formateringsteikn som skal visast på skjermen. Trykk på symbolet Formateringsmerke på verktøylinja Standard. Alle teikna du har vald under Formateringsstøtte vert då viste.

Avsnittsslutt

Vel om avsnittsgrensene skal visast. Avsnittsgrensene inneheld også informasjon om avsnittsformatet.

Mjuke bindestrekar

Vel om mjuke bindestrekar skal visast. Dette er gøymde, sjølvvalde skiljeteikn som du legg inn i eit ord ved å trykkja Ord med mjuke bindestrekar vert berre delte på slutten av ei linje der skiljeteiknet er lagt inn, uavhengig av om automatisk orddeling er slått på eller av.

Mellomrom

Bestemmer om kvart mellomrom i teksten skal representerast av ein prikk.

Harde mellomrom

Vel om harde mellomrom skal visast som grå boksar. Harde mellomrom vert ikkje brotne på slutten av ei linje og kan leggjast inn med snøggtastane .

Tabulatorar

Gjer at tabulatorar vert viste som små piler.

Linjeskift

Viser alle linjeskifta som er sette inn med snøggtastane Shift + Enter. Desse linjeskifta lagar ei ny linje, men ikkje eit nytt avsnitt.

Gøymde teikn

Vel om tekst som brukar teiknformatet «gøymd» skal visast når Vis → Formateringsteikn er slått på.

Bokmerke

Gjer at bokmerkeindikatorane vert viste. | viser plasseringa av eit bokmerkepunkt. [ ] indikerer byrjinga og slutten på eit bokmerke i eit tekstområde.

warning

Desse kontrollelementa vert viste berre i Writer-dokument, ikkje i HTML-dokument.


Verna område

Slå på markør

Gjer at du kan setja markøren inn i eit verna område, men du kan ikkje gjera endringar.

Direkte skrivemerke

Vel eigenskapane til direkte skrivemerke.

Direkte skrivemerke

Slår på det direkte skrivemerket. Du kan også slå på denne funksjonen ved å trykke på Slå direkte skrivemerke av/på på verktøylinja ved å velja Rediger → Modus for direkte skrivemerke i eit tekstdokument.

Set inn

Vel innstillingar for innsetjing av det direkte skrivemerket. Dersom du trykkjer ein stad i dokumentet, kan eit nytt avsnitt verta sett inn på akkurat denne staden. Eigenskapane til dette avsnittet er avhengige av kva som er vald her. Dette er det du kan velja mellom:

Tabulatorar

Når du brukar det direkte skrivemerket, vert det set inn så mange tabulatorar som nødvendig i det nye avsnittet, fram til punktet du valde er nådd.

Tabulatorar og mellomrom

Når du brukar det direkte skrivemerket, vert det sett inn ei høveleg mengd tabulatorar og mellomrom i det nye avsnittet, fram til punktet du valde er nådd.

Mellomrom

Når direkte markør vert brukt, vert det lagt til mellomrom i det nye avsnittet til den merkte plasseringa er nådd.

Venstre avsnittsmarg

Når du brukar det direkte skrivemerket, vert avsnittsinnrykket til venstre sett på den staden der du klikkar med musa. Avsnittet vert då venstrejustert.

Avsnittsjustering

Justerer avsnittet når du brukar det direkte skrivemerket. Avhengig av kvar i dokumentet du klikkar med musa, vert avsnittet formatert anten som venstrejustert, midtstilt eller høgrejustert. Skrivemerket før museklikket viser, i form av ein trekant, kva for justering som vert brukt.

note

Alle val for innsetjing gjeld berre for det gjeldande avsnittet som er laga med det direkte skrivemerket.


Bilete

Forankring

Definerer standardankeret for innsette bilete. Tilgjengelege alternativ er:

Støtt oss!