Tabell

Definerer innstillingane for tabellar i tekstdokument.

Vel standardinnstillingar for rader og kolonnar og tabellmodus, i tillegg til standardverdiar for flytting og innsetjing av rader og kolonnar. For meir informasjon, sjå .

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice Writer/LibreOffice Writer/Web → Tabell


Standard

Vel standardar for alle nyleg oppretta tabellar i tekstdokument.

Overskrift

Bestemmer at den første rada i tabellen skal formaterast med avsnittsstilen «Tabelloverskrift».

Gjenta på kvar side

Bestemmer om tabelloverskrifta skal setjast inn øvst på den nye sida etter eit sideskift.

Ikkje del (ikkje i HTML-dokument)

Hindrar at tabellane vert delte opp av ei tekstbryting, same kva type dette er. Du kan også finna denne innstillinga i hovudmenyen under Tabellar → Tabellinnstillingar → Tekstflyt.

Kantlinje

Gjer at tabellcellene som standard har ein kant.

Inndata i tabellar

Talgjenkjenning

Gjer at tal i ei celle i ein teksttabell vert oppfatta og formatert som tal. Tabellceller i LibreOffice Writer kan kjenda igjen eit tal når det er i eitt av talformata brukte i kategoriane tal, prosent, valuta, dato, klokkeslett, vitskapleg, brøk eller boolsk.

Tal som programmet kjenner igjen vert viste med standardformatet for tabellcellene og celleformatet vert sett til den kategorien talet er gjenkjend som. Viss talet for eksempel er oppfatta å vera ein dato, vert celleformatet sett til dato. Du kan setja cella til eit bestemt talformat, for eksempel at ein dato skrive inn som 8/3/2018 skal visast som «torsdag 8. mars 2018» når celleformatet er sett til «fredag 31. desember 1999» i dialogvindauget «Talformat».

note

Dato- og klokkeslett-tal som vert kjende igjen, vert omforma til interne dato- og klokkeslett-serieverdiar. Prosenttal vert omforma internt til talverdiar. Boolske verdiar vert omforma internt til 0 eller 1.


Når ei innskriving ikkje kan kjennast igjen som talverdi, vert talkategorien sett til Tekst og innskrivinga vert ikkje endra.

Viss det ikkje er merkt av for talgjenkjenning i innstillingane, vert tal lagra i tekstformat og vert automatisk venstrejusterte.

Gjenkjenning av talformat

Viss det ikkje er merkt av for Talformatgjenkjenning, vil berre innskrivingar i det formatet cella er sett til verta godkjende. Alle andre innskrivingar set formatet til Tekst.

Dersom ei celle for eksempel inneheld ein datoverdi og celleformatet er sett til dato, vil ei innskriving av ein prosentverdi setja celleformatet til Tekst og prosentverdien vert ikkje oppfatta som eit tal.

Når Talformatgenkjenning er markert, vil innskrivne tal setja celleformatet til det formatet som er gjenkjenneleg.

Justering

Gjer at tal alltid vert justerte nede til høgre i cella. Viss dette ikkje er merkt, vert tal alltid justerte oppe til venstre i cella.

note

Direkte formatering vert ikkje påverka av valet Justering. Dersom du midtstiller celleinnhaldet direkte, vil det framleis vera midtstilt sjølv om det er tekst eller tal i det.


Tastaturhandsaming

Flytt celler

Vel standardinnstillingar for flytting av rader og kolonnar med tastaturet.

Rad

Gjev verdien som skal brukast for å flytta ei rad.

Kolonne

Gjev verdien som skal brukast for å flytta ein kolonne.

Sett inn celle

Vel standardinnstillingane for å setja inn rader og kolonnar med tastaturet.

Rad

Gjev standardverien for å setja inn rader.

Kolonne

Gjev standardverien for å setja inn kolonnar.

Oppførsel til rader/kolonnar

Vel korleis heile tabellen og rader og kolonnar i nærleiken vert påverka når nye rader eller kolonnar vert sette inn, eller andre rader eller kolonnar vert flytte.

Fast

Vel om endringane i ei rad eller ein kolonne berre skal påverka området ved sida av.

Fast, proporsjonal

Vel om endringar i ei rad eller ein kolonne skal gjelda for heile tabellen.

Variabel

Bestemmer om endringar i ei rad eller ein kolonne skal påverka storleiken på tabellen.

Støtt oss!