LibreOffice 7.3 Hjelp
Innstillingane for dei grunnleggjande skrifttypane i dokumenta dine.
Du kan også endra grunnskriftene for asiatisk og kompleks tekst dersom det er slått på språkstøtte for dei i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk.
Desse innstillingane definerer basisskrifter for dei førehandsdefinerte malane. Du kan også endra eller tilpassa standardmalane for tekst.
Vel kva skrift som skal brukast i avsnittsstilen Standard. Denne skrifta vert brukt i nesten alle avsnittsstilar, utanom der avsnittsstilen oppgjev ei anna skrift.
Vel skriftstorleik.
Angjev skrifta som skal brukast i overskrifter.
Set skrifttype og skriftstorleik for liste-avsnittsstilen, som vert brukt på alle avleidde avsnittsstilar.
Når du vel for å formatera avsnitt med tal eller punktteikn i eit tekstdokument, vil programmet bruka desse avsnittsstilane automatisk.
Bestemmer kva skrifttype som skal brukast i bilettekstar i bilete og tabellar.
Vel kva skrift som skal brukast i register, stikkordlister og innhaldslister.