Desse innstillingane avgjer korleis tekstdokument i LibreOffice skal handsamast. Det er òg mogleg å velja innstillingar for det gjeldande tekstdokumentet. Dei globale innstillingane vert lagra automatisk.
For å bruka denne funksjonen …
Opna eit tekstdokument og vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer
Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.
Vel innstillingar for dei asiatiske grunnskriftene dersom asiatisk språkstøtte er slått på i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.
Vel innstillingar for grunnskriftene for kompleks tekst dersom det er slått på i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.
Vel innstillingar for samspel i tekstdokument. Desse innstillingane er til hjelp dersom du vil finjustera LibreOffice ved import av Microsoft Word-dokument.