HTML-samspel

Definerer innstillingar for HTML-sider.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Last inn/Lagra → HTML-kompatibilitet


Dialogvindauget for HTML-innstillingar

Skriftstorleikar

Bruk talknappen Storleik 1 til Storleik 7 for å definera dei respektive HTML-taggane <font size=1> til <font size=7>.

Importer

Vel innstillingar for importering av HTML-dokument.

Bruk «Engelsk (USA)»-lokalet for tal

Når du importerer tal frå ei HTML-side, vil desimal- og og tusenskiljarane variere alt etter kva for språkinnstillingar HTML-sida har. Men utklippstavla inneheld ingen informasjon om dette. For eksempel tyder «1.000» mest truleg «eitt tusen» dersom det er kopiert frå ei tysk nettside. Men dersom det same er kopiert frå ein nettstad på engelsk, tyder det talet «1», altså «éin komma null null null».

Viss dette ikkje er valt, vil taI verte tolka i høve til innstillinga i Språk og nasjonale innstillingar → Generelt → Lokale innstillingar i dialogvindauget. Viss er merkt av for dette, vert tal tolka med innstillingane for «Engelsk (USA)».

Importer ukjende HTML-taggar som felt

Merk av i denne avkryssingsboksen viss du vil at taggar som LibreOffice ikkje kjenner skal importerast som felt. Ein innleiande tagg vert gjort om til eit HTML_ON-felt med same verdi som taggnamnet. Ein avsluttande tagg vert gjort om til eit HTML_OFF-felt. Desse felta vert gjort om til taggar i HTML-eksporten.

Ignorer skriftinnstillingane

Merk av i denne avkryssingsboksen for å ignorera alle skriftinnstillingar ved import. Skrifttypane definerte i stilen for HTML-sida vert då brukte.

LibreOffice Basic

Kryss av her viss du vil ta med LibreOffice Basic-instruksjonane ved eksport til HTML-format.

Du må ta i bruk denne innstillinga før du kan laga LibreOffice Basic-skriptet, elles vil det ikkje verta sett inn. LibreOffice Basic-skript må liggje i filhovudet til HTML-dokumentet. Når du har laga makroen i LibreOffice Basic, vil han dukka opp i filhovudet i kjeldeteksten til HTML-dokumentet.

Vis åtvaring

Viss dette feltet er merkt, vil det koma opp ei åtvaring om at LibreOffice Basic-makroar vil forsvinna når dokumentet vert eksportert til HTML.

Utskriftsoppsett

Viss dette feltet er merkt, vert også utskriftsutforminga for det gjeldande dokumentet (for eksempel innhaldsliste med justerte sidenummer og punkt) eksportert. Utskriftsutforminga kan lesast av LibreOffice, Mozilla Firefox og MS Internet Explorer.

note

HTML-filteret støttar CSS2 (Cascading Style Sheets Level 2) for utskrift av dokument. Dette gjeld berre dersom eksport av utskriftsoppsett er slått på.


Kopier lokale bilete til Internett

Merk av her for at innebygde bilete skal lastast opp automatisk til Internett-tenaren når du brukar FTP. Bruk dialogvindauget Lagra som for å lagra dokumentet og skriv inn ein fullstendig FTP-nettadresse som filnamn på Internett.

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Støtt oss!