LibreOffice 24.8 Hjelp
Mellomtenarar for å få tilgjenge til Internett kan setjast opp manuelt dersom dette er nødvendig.
Vel innstillingar for mellomtenaren.
Vel definisjonstypen for mellomtenarar.
Gjev tilgang til Internett utan ein mellomtenar. Lèt deg setja opp ei tilkopling direkte på datamaskina di til ein nettleverandør som ikkje brukar mellomtenar.
Lèt deg leggja inn mellomtenaren manuelt. Vel mellomtenar etter kva for Internett-teneste du vil bruka. Spør systemadministratoren om kva for mellomtenar og port som skal brukast.
Skriv tenarnamna utan protokollprefikset. Skriv til dømes www.mellomtenar.no, og ikkje http://www.mellomtenar.no.
På Windows eller UNIX-system som brukar GNOME eller KDE, ber dette valet LibreOffice om å bruka systeminnstillingane. Du må starta om att LibreOffice for at denne innstillinga skal takast i bruk.
Skriv inn namnet på mellomtenaren for HTTP. Skriv inn porten i feltet til høgre.
Skriv inn namnet på mellomtenaren for HTTPS. Skriv inn porten i feltet til høgre.
Vel namna på dei tenarane som ikkje treng ein mellomtenar. Namna er skilde med semikolon. Dette er tenaradresser i det lokale nettverket, og for eksempel tenarar som vert brukte til direkteoverføring av video og lyd.
Du kan også bruka plasshaldarar for namn på vertar og domene. For eksempel kan du skriva *.mellomtenar.no for å finna alle vertane på domenet mellomtenar.no som ikkje har nokon mellomtenar.
Skriv inn kva port mellomtenaren brukar. Høgste moglege verdi for eit portnummer er 65535.