LibreOffice 26.2 Hjelp
Tilpass utsjånaden på programmet uavhengig av kva tema som er sett for skrivebordet.
Vel temaet du vil bruka frå nedtrekkslista.
Automatisk: Utsjånaden på programmet og dokumentet avhenger av temaet sett for skrivebordsmiljøet. Viss skrivebordsmiljøet brukar eit lyst tema, vert det brukt lyse fargar og omvendt.
Lys: gjer at det vert brukt lyse temafargar.
Mørk: gjer at det vert brukt mørke temafargar.
Namn på tilpassa tema: bruk innstillingane for utsjånaden frå det tilpassa temaet.
Tema er også tilgjengelege som utvidingar. For å installera eit utvidingstema, klikk på knappen fleire tema ved sida av nedtrekkslista for tema.
Bruk Utvidingshandsamaren for å fjerna eit tilpassa tema.
Slå på programtemaa med utvidingstemaa.
Overstyrer temaet sin bakgrunnsfarge for dokumentet og set han til kvit.
Vel eit punktgrafikkbilete som skal visast som programbakgrunn.
Strekt: Biletet vert strekt for å fylla bakgrunnsområdet.
Flislagt: biletet vert flislagt for å fylla bakgrunnsområdet.
Vel elementet for å tilpassa fargen.
Vel fargen på elementet.
Fargevala for «Besøkte lenkjer» og «Ikkje besøkte lenkjer» gjeld berre for dokument som vert laga etter at endringane vart tekne i bruk.
Vis fargevalet i dokumentet straks. Dette alternativet er tilgjengeleg for eit delsett av element.
Tilbakestiller fargetilpassingane til temaet automatisk.
Vel eit ikontema for programmet.
Ikon er også tilgjengelege som utvidingar. For å installera eit utvidingsikonsett, klikk på knappen Legg til fleire ikon ved sida av nedtrekksmenyen for ikoner.
Spesifiserer storleiken på visinga av ikona på verktøylinja.
Spesifiserer storleiken på visinga av ikona på sidefeltet.
Spesifiserer storleiken på ikona på notisblokklinja.
Vel storleiken på fanene i dialogvindauga.