Vis

Spesifiserer innstillingane for museoppførsel, gafiskk og skrifttypelister.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel - LibreOffice → Vis.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Trykk på knappen Val i fana Verktøy og vel deretter LibreOffice → Vis

Frå tastaturet:

+ F12 og vel deretter LibreOffice → Vis


Mus

Midtknappen

Vel kva funksjon den midtre museknappen skal ha.

  1. Ingen funksjon – det er ikkje sett noka handling for midtknappen.

  2. Automatisk rulling – dersom du dreg medan den midtre museknappen er trykt inn, vert visinga endra.

  3. Lim inn frå utklippstavla – dersom du trykkjer på den midtre museknappen, vert innhaldet på «utvalsutklippstavla» limt inn der skrivemerket er plassert.

«Utvalstavla» er uavhengig av den vanlege utklippstavla som du brukar med Rediger → Kopier / Klipp ut / Lim inn eller snøggtastane til desse funksjonane. Utklippstavla og utvalstavla kan ha ulikt innhald samtidig.

Handling

Utklippstavla

Utvalstavla

Kopier innhald

Rediger → Kopier + C.

Merk tekst, tabell, objekt.

Lim inn innhaldet

Rediger → Lim inn + V limar inn der markøren er.

Eit klikk på den midtre museknappen limer inn der skrivemerket er plassert.

Lime inn i eit anna dokument

Har ingen effekt på innhaldet i utklippstavla.

Det sist merkte utvalet er innhaldet på utvalstavla.


Tipsikon

Trykk Shift+ + R for gjenoppretta eller gjenoppfriska det gjeldande dokumentet.


Biletvising

Bruk maskinvareakselerasjon

Får direkte tilgang til maskinvarefunksjonane til datamaskinen sin grafiske skjermadapter for å forbetra skjermvisinga. Støtte for skjermakselerasjon er avhengig av operativsystemet og maskinvaren.

Bruk kantutjamning

Slå av eller på utjamning av grafikk. Med utjamninga slått på, ser visinga av dei fleste grafiske objekta jamnare ut og med færre artefakter («trappetrinn»).

Skriftlister

Førehandsvis skrifter

Viser namna på skrifttypar som kan veljast saman med den aktuelle skrifta. Dette gjeld for eksempel skrifter i boksen «Skrif» på verktøylinja Formatering.

Utjamning av skrifter på skjermen

Vel for å jamna ut måten teksten dukkar opp på skjermen på.

frå

Skriv inn den minste skriftstorleiken som kan ha kantutjamning.

Støtt oss!

Støtt oss!