Skrifttypar

Erstattar ei skrift med skrifta du vel. Erstatninga vil berre byte ut ei skrift når ho vert vist på skjermen eller skriven ut. Skrifta som er spesifisert i dokumentformateringa vert ikkje endra.

Dersom du vil, kan du overstyra standardskrifta som vert brukt når ei utilgjengeleg skrift er brukt i eit dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Skrifttypar


Merknadsikon

Erstatning av skrifter gjeld også for skriftvisinga i brukargrensesnittet i LibreOffice.


warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Bruk erstatningstabell

Slår på innstillingane du har valt for skrifterstatning.

Erstatningstabell

List opp den opphavlege skrifta og skrifta ho skal bytast ut med. Vel Alltid for å byta ut både skjermskrifta og utskriftsskrifta, sjølv om den opphavlege skrifta er installert på systemet ditt. Vel Berre skjerm for berre å byta ut skjermskrifta.

Alltid (avkryssingsboks)

Berre skjermen (avkryssingsboks)

Erstatningshandling

avkryssa

tom

Skrifterstatning på skjermen og utskrifter, uansett om skrifta er installert eller ikkje.

avkryssa

avkryssa

Skrifterstatning berre på skjermen, uansett om skrifta er installert eller ikkje.

tom

avkryssa

Skrifterstatning berre på skjermen, men berre dersom skrifta er utilgjengeleg.

tom

tom

Skrifterstatning på skjermen og utskrifter, men berre dersom skrifta er utilgjengeleg.


Skrift

Skriv inn eller vel namnet på skrifta du vil byta ut.

Byt ut med

Skriv inn eller vel namnet på skrifta du vil byta ut med.

Bruk

Bruk skrifterstatninga du har valt.

Ikon

Bruk

Slett

Slett skrifterstatninga du har valt.

Ikon

Slett

Skriftinnstillingar for HTML-, Basic- og SQL-kjeldekode

Vel skrift og skriftstorleik for vising av HTML-, Basic- og SQL-kjeldekode.

Skrifter

Vel skrift for vising av HTML- og Basic-kode. Vel Automatisk om du vil at maskina skal finna ei passande skrift.

Berre skrifter med fast breidd

Merk av for å berre visa skrifter med fast breidd i listeboksen skrifter.

Storleik

Vel skriftstorleik for vising av HTML-, Basic- og SQL-kjeldekode.

Støtt oss!