LibreOffice 26.2 Hjelp
Inneheld generelle innstillingar for LibreOffice.
Vel innstillingar for den installerte hjelpa.
Viser hjelpetekstar når du kviler skrivemerket over eit ikon, ein menyfunksjon eller eit val i eit dialogvindauge.
Viss du er kopla til Internett utan at dei lokale hjelpfilene er installerte, vert det vist eit dialogvindauge der du kan lesa hjelp på nettet. Trykk OK for å opna LibreOffice sine hjelpesider i nettlesaren.
Dialogvindauget inneheld også ei lenkje til den innebygde hjelpesida, som viser korleis du kan innstallera dei innebygde hjelpesidene.
Viser eit lite vindauge med eit tilfeldig tips for bruk av LibreOffice når du opnar dagens første dokument.
Vel dette alternativet for å bruka dialogvindauga «Opna» og «Lagra» i LibreOffice. Fjern merkinga for å bruka dialogvindauga «Opna» og «Lagra» frå operativsystemet.
Vel dette alternativet for å bruka dialogvindauget «Fargevelgjar» som følgjer med LibreOffice. Fjern merkinga for å bruka dialogvindauget «Fargevelgjar» frå operativsystemet.
Vel om dokumentet skal reknast som endra når det vert skrive ut. Når dette alternativet er merkt av, får du spørsmål om å lagra endringar kvar gong du lukkar dokumentet. Utskriftsdatoen vert då skriven inn i dokumenteigenskapane som ei endring.
Vel kva datoområde systemet skal kjenna att tosifra årstal frå.
I LibreOffice vert årstal oppgjevne med fire siffer, slik at skilnaden mellom 1/1/99 og 1/1/01 er to år. Denne innstillinga, som heiter År (to siffer), lèt deg definera kva årstal det skal reknast frå 2000-talet. For eksempel viss du spesifiserer ein dato i 1930 eller seinare, vil innskrivinga «1/1/20» attkjend som 1/1/2020 i staden for 1/1/1920.
Spør deg om du vil senda ein krasjrapport for å hjelpa utviklarane med å gjera programmet betre. Når LibreOffice krasjar, kan du velja å senda ein rapport som inneheld anonym feilsøkingsinformasjon for å hjelpa til med å spora opp og til slutt fiksa årsaka til feilen.