Velja ein ny farger

LibreOffice let deg definera dine eigne fargar i todimensjonal grafikk og eit nummerisk fargeovergangskart frå dialogvindauget Vel farge.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Område → Område, vel fana Farge og trykk på knappen Vel.

Ikon

Trykk på knappen Fargeveljar i fana Lyssetjing i dialogvindauget for 3D-effektar.


Vindauget for å velja farge

Tipsikon

GTK- og Qt-variantane av LibreOffice på Linux brukar innebygde system-/verktøysett-dialogvindauge (som også vert brukte av andre program) som standard for å velja ein farge i staden for det sjølvdefinerte dialogvindauget som er omtalt meir detaljert nedanfor. Du kan slå på det tilpassa LibreOffice-dialogvindauget i staden for det opphavlege i LibreOffice-innstillingane.


Vindauget for plukk ein farge

Dialogvindauget for å henta ein farge har fire hovudområde.

Trykk på det store fargefeltet for å velja ein ny farge. Du kan endra to komponentar av fargen representerte i fargemodellane RGB og HSB. Dette er dei to komponentane som ikkje er merkte med radioknappane til høgre i vindauget.

Den høgre sida av fargelinja nede i vindauget viser originalfargen frå fana Fargar.

Den venstre sida av fargelinja nede i vindauget viser fargen du har laga.

Merknadsikon

LibreOffice brukar berre fargemodellen RGB for utskrift i fargar. CMYK-modellen er berre teken med for at det skal vera enklare å leggja inn CMYK-fargekodar.


RGB

Raud

Let deg endra den raude komponenten på den loddrette glidebrytaren og den grøne og blå komponenten i det todimensjonale feltet. Verdiane må vera frå 0 til 255.

Grøn

Let deg endra den grøne komponenten på den loddrette glidebrytaren og den raude og blå komponenten i det todimensjonale feltet. Verdiane må vera mellom 0 og 255.

Blå

Let deg endra den blå komponenten på den loddrette glidebrytaren og den grøne og raude komponenten i det todimensjonale feltet. Verdiane må vera mellom 0 og 255.

Hex #

Viser og let deg skriva inn fargeverdien i RGB-modellen som eit heksadesimalt tal.

HSB

Fargetone

Let deg endra fargetone-komponenten på den loddrette glidebrytaren og komponentane metning og lysstyrke i det todimensjonale feltet. Verdiane må vera i grader frå 0 til 359.

Metting

Let deg endra metnings-komponenten på den loddrette glidebrytaren og komponentane fargetone og lysstyrke i det todimensjonale feltet. Verdiane må vera i prosent frå 0 til 100.

Lysstyrke

Let deg endra lysstyrke-komponenten på den loddrette glidebrytaren og komponentane fargetone og metning i det todimensjonale feltet. Verdiane må vera i prosent frå 0 til 100.

CMYK

Cyanblå

Set fargeverdien for cyanblå i fargemodellen CMYK.

Magentaraud

Set fargeverdien for magentaraud i fargemodellen CMYK.

Gul

Set fargeverdien for gul i fargemodellen CMYK.

Svart

Set fargeverdien for svart i fargemodellen CMYK. (K står for blacK eller Key).

Støtt oss!

Støtt oss!