Stiar

Dette avsnittet inneheld standardstiar til viktige mapper i LibreOffice. Desse stiane kan redigerast av brukaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Innstillingar → .LibreOffice → Stiar.

Vel fana Verktøy → Autotekst → Sti. (Berre for auitotekst)


Stiar brukte av LibreOffice

Du kan endra ei oppføring i denne lista ved å klikka på oppføringa og deretter på Rediger, eller du kan dobbeltklikka på oppføringa.

Standard

Knappen Standard tilbakestillar dei førehandsinnstilte stiane for alle dei valde oppføringane.

Rediger

Trykk for å visa dialogvidauget Vel sti eller Rediger stiar.

Du kan endra rekkjefølgja på oppføringane ved å trykkja på linja på Type-kolonnen. Kolonnebreidda kan du endra ved å flytta kolonneskiljet med musa.

Mappa {user profile} med undermapper indeheld brukardata. Plasseringa av mappa {user profile} vart bestemt då LibreOffice vart installert. Sjå Standardplasering på Wiki-sida om LibreOffice brukarprofil for fleire opplysningar om typiske plasseringar av user profile under ulike operativsystem.

Lista nedanfor viser dei førehandsdefinerte stiane for å lagra brukardata og forklarar kva for brukardata som vert lagra i kvar sti. Bruk dialogvindauget Rediger for å endra, leggja til eller sletta stiar for dei ulike typane.

Type

Standardsti

Skildring

Autoretting

{user profile}\user\autocorr

I denne mappa vert tekstane dine frå autoretting lagra.

Autotekst

{user profile}\user\autotext

I denne mappa vert tekstane dine frå autotekst lagra.

Reservekopiar

{user profile}\user\backup

Reservekopiane som er laga automatisk vert lagra her.

Ordlister

{user profile}\user\wordbook

Filene med ord i den tilpassa ordlista di vert lagra i denne mappa.

Galleri

{user profile}\user\gallery

Nye galleritema vert lagra i denne mappa.

Bilete

{user profile}\user\gallery

Denne mappa vert vist når du først vel å opna eller lagra eit bilete.

Malar

{user profile}\user\template

I denne mappa kan du lagra malane dine.

Mellombelse filer

{user profile}\user\temp

Her legg LibreOffice dei mellombelse filene.

Mine dokument

Standardmappa for dokument på systemet ditt

Du kan sjå denne mappa når du ser denne mappa ved første opning av dialogvindauget Opna eller Lagra . Denne mappa vert også kalla arbeidsmappa

Klassifisering

{install}\share\classification\example.xml

LibreOffice les TSCP BAF-policy frå denne fila.


Interne stiar viser stiane der det førehandsdefinerte innhaldet for LibreOffice er installert. Desse stiane kan ikkje redigerast i dette dialogvindauget.

Stiane viser til undermapper i {install}/share. Desse undermappene er skriveverna og inneheld innhald som ert vist til alle brukarane. Plasseringa av mappa {install} vert gjort under installeringa av LibreOffice.

Støtt oss!