Generelt

I området Generelt kan du velja standardinnstillingar for lagring av dokument og velja standard filformat.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Last inn/Lagra → Generelt


Innstillingar for dialogvindauget for å lagra

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Last inn

Last inn eigne innstillingar saman med dokumentet

Lastar inn brukarinnstillingane som er lagra med dokumentet.

Dersom det ikkje er kryssa av for Last inn eigne innstillingar saman med dokumentet, vil likevel desse brukarinnstillingane gjelda:

Desse innstillingane vert alltid lasta inn saman med dokument, uansett om valet er kryssa av eller ikkje:

Last inn skrivaroppsett saman med dokumentet

Dersom dette er kryssa av, vert skrivaroppsettet lasta inn saman med dokumentet. Dette kan gjera at eit dokument vert skrive ut på ein ekstern skrivar dersom du ikkje byter skrivar manuelt i dialogvindauget for utskrift. Dersom dette ikkje er kryssa av, vert standardskrivaren brukt for å skriva ut dokumentet. Det gjeldande skrivaroppsettet vert lagra med dokumentet uansett om det er kryssa av for dette valet eller ikkje.

Last inn markørposisjonen med dokumentet sjølv om det vart lagra av ein annan brukar

Lastar inn visingsposisjonsinnstillingane som er lagra i eit dokument, saman med dokumentet sjølv om det vart lagra av ein annan brukar.

Viss det ikkje er merkt av for Last inn visingsposisjonen med dokumentet sjølv om det er lagra av ein annan brukar, vert visingsposisjonen berre lasta inn saman med dokumentet viss metadataa for forfattaren stemmer med fornamnet og etternamnet i → LibreOffice → Brukardata. Merk at dorfattarnamnet vert lagra saman med dokumentet viss det er merkt av for Bruk brukardata i Fil → Eigenskapar → Generelt.

Lagra

Lagra dokument automatisk

Lagra gjenopprettingsinformasjon kvart

Spesifiserer at LibreOffice lagrar nødvendig nformasjon for å gjenoppretta alle dei endra dokumenta i tilfelle krasj.

minutt

Spesifiserer tidsintervallet i minutt før informasjonen om gjenoppretting vert lagra for eit dokument.

note

Ein tidtakar byrjar for eit dokument første gong det vert endra. Informasjon om automatisk gjenoppretting vert lagra etter den valde tida (medan LibreOffice er inaktiv). Tidtakaren byrjar deretter på nytt ved neste endring i dokumentet.


Lagra også dokumentet automatisk

Spesifiserer at LibreOffice lagrar alle endra dokument når du lagrar informasjon om automatisk gjenoppretting. Brukar tidsintervallet spesifisert i Minutt.

Rediger dokumenteigenskapane før lagring

Vel om dialogvindauget for eigenskapar skal opnast kvar gong du vel kommandoen Lagra som.

Lag alltid ein reservekopi

Lagrar førre versjon av eit dokument som ein tryggingskopi kvar gong du lagrar eit dokument. Kvar gong LibreOffice lagar ein tryggingskopi, vert den førre tryggingskopien bytt ut. Tryggingskopien får filetternamnet .BAK.

For å endra kvar reservekopiane skal lagrast, vel → LibreOffice → Stiar og skriv inn ein ny sti for reservekopiane.

Legg reservekopien i den sama mappa som dokumentet

Reservekopien vert lagra i den same mappe som dokumentet. Viss reservekopien av ein eller annan grunn ikkje kan lagrast i den same mappe, prøver LibreOffice å lagra kopien i mappa Reservekopiarkopiar som er agjeven i Stiar.

Lagra nettadresser relativt til filsystemet

Med dette valet kan du velja standard for adresser som er relative til filsystemet og Internett. Relative adresser kan berre brukast dersom kjeldedokumentet og dokumentet det vert referert til ligg på same lagringsmediet.

Ei relativ adresse byrjar alltid frå den mappa dokumentet ligg i. Ei absolutt adresse derimot, byrjar alltid frå ei rotmappe. Tabellen viser syntaksskilnaden mellom relative og absolutte adresser:

Eksempel

Filsystemet

Internett

relativ

../bilete/fil.jpg

../bilete/fil.jpg

absolutt

file:///C:/arbeid/bilete/img.jpg

http://tenarenmin.no/arbeid/bilete/img.jpg


warning

Hjelpetipset viser alltid ein absolutt sti. Likevel vil LibreOffice bruka ein relativ sti dersom det er kryssa av for dette når det vert lagra i HTML-format.


Kryss her for å lagra adresser som er relative til filsystemet.

Lagra nettadresser som er relative til Internett

Kryss her for å lagra nettadresser som er relative til Internett.

Standard filformat og ODF-innstillingar

ODF-formatversjon

LibreOffice 7.0 støttar OpenDocument-formatet (ODF) versjon 1.3. Dei tidlegare versjonane av LibreOffice støtter filformatet ODF 1.2. Tidlegare filformat kan ikkje lagra alle nye funksjonar i den nye programvaren.

OpenOffice.org 3 og StarOffice 9 har nye funksjonar som berre kan lagrast i OpenDocument-formatet (ODF) versjon 1.2. Dei eldre versjonane, OpenOffice.org 2 og StarOffice 8 støttar filformata ODF 1.0/1.1. Desse eldre filformata kan ikkje lagra alle dei nye funksjonane i den nye programvaren.

Denne LibreOffice-versjonen kan opna dokument i ODF-formata 1.0/1.1, 1.2 og 1.3.

Når du lagrar eit dokument, kan du velja om du vil lagra det i formatet ODF 1.3, ODF 1.3 utvida, ODF 1.2, ODF 1.2 utvida, ODF 1.2 utvida (kompatibilitetsmodus) eller i det tidlegare formatet ODF 1.0 / 1.1.

note

For tida gjer formatet ODF 1.2 (utvida) eller nyare format det mogleg å bruka merknadar i Draw- og Impress-filer. Desse merknadane kan setjast inn ved hjelp av kommandoen Set inn → Merknad i den siste programversjonen. Merknadane går tapt når du lastar filene inn i tidlegare versjonar lagra frå den siste programversjonen.


Ein del firma og organisasjonar krev at dokumenta er i ODF-formatet 1.0/1.1. Du kan velja dette formatet i listeboksen. Dette eldre formatet kan ikkje lagra alle dei nye funksjonane i ODF 1.3 (Utvida), så det vert tilrådd å bruka det nyaste formatet når det er mogleg.

Modus ODF 1.2 utvida (kompatibel) er ein meir bakoverkompatibel ODF 1.2 utvida modus. Han brukar funksjonar som er gått ut i ODF1.2 og/eller er «feil-kompatibel» med eldre OpenOffice.org-versjonar. Han kan vera nyttig om du har bruk for å utveksla dokument med brukarar som brukar eldre versjonar av ODF1.2 eller ODF1.2-relaterte program.

Dokumenttype

Vel dokumenttypen som du vil laga eit standard filformat for.

Lagra alltid som

Vel at dokument av typen valt til venstre alltid vert lagra i dette formatet. Du kan velja eit anna filformat for dokumentet i dialogvindauget Lagra som.

Varsel ved lagring i andre format enn ODF eller standardformatet

Du kan velja å få ei åtvaring når du lagrar dokument i eit anna format enn OpenDocument eller eitt som du ikkje har valt som standardformat i Verktøy → Innstillingar → Last inn / lagra → Generelt.

Du kan velja kva for filformat som skal brukast som standard når du lagrar dokument av ulike typar. Dersom du alltid utvekslar dokument med personar som brukar for eksempel Microsoft Office, må du velja at LibreOffice som standard berre skal lagra i Microsoft Office-format.

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Støtt oss!