Brukarinformasjon

Her kan du skriva inn eller endra brukarinformasjon. Noko informasjon kan alt ha vorte endra av brukaren eller systemadministratoren ved installering av LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Brukardata


Brukarinformasjonen vert brukt av malar og vegvisarar i LibreOffice. For eksempel vert felta «Fornamn» og «Etternamn» brukte for å automatisk setja inn namnet ditt som forfattar i nye dokument. Du kan sjå dette under Fil → Eigenskapar.

Noko av brukarinformasjonen vert automatisk teken med i ei intern ordliste, slik at han vert attkjend av stavekontrollen. Dersom du gjer skrivefeil, kan programmet bruka denne informasjonen til å føreslå alternative skrivemåtar. Merk at endringar i brukarinformasjonen ikkje trer i kraft før LibreOffice vert starta om att.

Brukardataa vert også brukte for å laga merknadar og for å identifisera merknadar/forfattarar når du sporer endringar og for å merkja siste endringa i dokumentet slik at når det vert opna igjen, vert det opna der det sist vart endra.

Markørplassering

Som regel vert alle dokument opna med markøren plassert i byrjinga av dokumentet.

Eitt unntak er når forfattaren av eit Writer-tekstdokument lagrar og opnar dokumentet igjen. Markøren vil då vera der han var då dokumentet vart lagra. Dette gjeld berre når namnet på forfattaren er skrive inn i → LibreOffice → Brukardata.

Adresse

Bruk Adresse-feltet til å skriva inn og redigera personinformasjonen din.

Firma

Skriv inn namnet på firmaet ditt.

Fornamn

Skriv inn førenamnet ditt.

Etternamn

Skriv inn etternamnet ditt.

Forbokstavar

Skriv inn initialane dine.

Adresse

Skriv gateadressa di i dette feltet.

Postnr.

Skriv postnummeret ditt i dette feltet.

Poststad

Skriv inn namnet på byen du bur i.

Land

Skriv inn namnet på landet du bur i.

Land/region

Skriv inn namnet på området du bur i.

Tittel

Skriv tittelen din i dette feltet.

Stilling

Skriv i dette feltet kva stilling du har i firmaet.

Tlf. (privat)

Skriv inn det private telefonnummeret ditt i dette feltet.

Tlf. (jobb)

Skriv inn telefonnummeret til arbeidet ditt i dette feltet.

Faks

Skriv inn faksnummeret ditt i dette feltet.

E-post

Skriv inn e-postadressa di. For eksempel «namnet.mitt@nettleverandør.no».

Kryptografi

Set den ønskte offentlege nøkkelen for kryptering med OpenPGP og digitale signaturar. Desse nøklane vert førehandsvalde i dialogvindauget for nøklar kvar gong du signerer eller krypterer eit dokument. Du treng såleis ikkje velja nøkkelen sjølv når du ofte skal signera med ein bestemt nøkkel.

OpenPGP-signeringsnøkkel

Vel OpenPGP-nøkkel frå nedtrekkslista for å signera ODF-dokument.

OpenPGP-krypteringsnøkkel

Vel OpenPGP-nøkkel frå nedtrekkslista for å kryptera ODF-dokument.

Bruk alltid eigen nøkkel når dokumenta vert krypterte

Merk denne avkryssingsboksen for også å kryptera fila med den offentlege nøkkelen din slik at du kan opna henne med den private nøkkelen din.

warning

Sjå etter at dette valet er merkt viss du ønskjer å kunna dekryptere dokument du har kryptert til andre.


Støtt oss!