Bruk dette dialogvindauget til å laga generelle innstillingar for arbeid med LibreOffice. Informasjonen dekkjer emne som brukarinformasjon, lagring, utskrift, stiar til viktige filer og mapper. Desse innstillingane vert lagra automatisk.
For å bruka denne funksjonen …
Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice
Her kan du skriva inn eller endra brukarinformasjon. Noko informasjon kan alt ha vorte endra av brukaren eller systemadministratoren ved installering av LibreOffice.
Erstattar ei skrift med skrifta du vel. Erstatninga vil berre byte ut ei skrift når ho vert vist på skjermen eller skriven ut. Skrifta som er spesifisert i dokumentformateringa vert ikkje endra.
Set alternativ som gjer LibreOffice-programma mer tilgjengelege for brukarar med redusert syn, avgrensa bruk av fingrane eller andre funksjonshemmingar.
Spesifiserer støttealternativ for javaprogram i LibreOffice, medrekna kva Java køyremiljø (JRE, Java Runtime Environment) som skal brukast. Du kan også velja å bruka eksperimentelle (ustabile) funksjonar som for eksempel makroinnspeling og bruk av avanserte oppsett.