Innstillingar

Dette menyvalet opnar eit dialogvindauge for oppsett av programmet.

Alle endringar vert lagra automatisk. For å utvida ei oppføring, dobbeltklikkar du på henne eller trykkjer på plussteiknet. For å falda saman ei oppføring, trykkjer du på minusteiknet eller dobbeltklikkar på henne.

note

Berre oppføringane som gjeld for det aktuelle dokumentet er synlege. Viss det gjeldande dokumentet er eit tekstdokument, ser du oppføringane for LibreOffice Writer og så vidare for alle modulane i %{PRODUCTNAME}.


For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Innstillingar i menyen opp til høgre (☰).

Frå tastaturet:

Alt + F12


Knappane i dialogvindauge for innstillingar

OK

Lagra endringane gjort på sida og lukk dialogvindauget for innstillingar.

Avbryt

Lukkar dialogvindauget for innstillingar og kasser alle endringane.

Bruk

Brukar dei endra eller merkte verdiane utan å lukka dialogvindauget for val.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Hjelp

Opnar hjelp for innstillingssida som er vist.

LibreOffice

Bruk dette dialogvindauget til å laga generelle innstillingar for arbeid med LibreOffice. Informasjonen dekkjer emne som brukarinformasjon, lagring, utskrift, stiar til viktige filer og mapper.

Last inn / lagra

Set opp generelle innstillingar for innlasting og lagring.

Språk og nasjonale innstillingar

Definerer eigenskapane for andre tilgjengelege språk.

LibreOffice Writer

Desse innstillingane avgjer korleis tekstdokument i LibreOffice skal handsamast. Det er òg mogleg å velja innstillingar for det gjeldande tekstdokumentet.

LibreOffice Writer/Web

Vel grunninnstillingane for LibreOffice-dokument i HTML-format.

LibreOffice Calc

Definerer mange innstillingar for rekneark, innhald som skal visast og kva retning markøren skal flyttast etter innføring i ei celle. Du kan også definera sortengslister, talet på desimalar og innstillingane for å ta opp og utheva endringar.

LibreOffice Impress

Definerer ulike innstillingar for alle nye presentasjonar. Du kan angje kva innhald som skal visast, kva måleeining som skal brukast og om du vil bruka rutenett og justeringa av dette.

LibreOffice Draw

Her kan du velja innstillingar for teiknedokument. Du kan velja kva innhald som skal visast på sidene, kva målestokk som skal brukast, om du vil bruk rutenett og justering av dette og kva slag innhald som skal skrivast ut som standard.

LibreOffice Math

Definerer utskriftsformatet og utskriftsinnstillingane for alle nye formeldokument. Desse innstillingane er verksame når du skriv ut ein formel direkte frå LibreOffice Math.

LibreOffice Base

Bestemmer dei generelle innstillingane for datakjelder i LibreOffice.

Diagram

Bestemmer generelle innstillingar for diagram.

Internett

Spesifiserer Internett-innstillingane.

Støtt oss!