Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Viss tekstmarkøren ikkje er inne i eit ord, og ingen tekst er markert, vert skriftstilen brukt på den nye teksten du skriv inn.
Gjer dei merkte små bokstavane til store bokstavar og reduserer storleiken.
Støtte for asiatiske språk
Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.
Halvbreidd
Endrar dei merkte asiatiske teikna til halvbreidde-teikn.
Fullbreidde
Endrar dei merkte asiatiske teikna til fullbreidde-teikn.
Hiragana
Endrar dei merkte asiatiske teikna til hiragana-teikn.
Katakana
Endrar dei merkte asiatiske skriftteikna til katakana-teikn.