Skjema undermeny

Inneheld kommandoar for å slå på modus for utforming av skjema, slå av og på kontrollvegvisaren og setja inn skjemakontrollelement i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Skjema


Utformingsmodus

Slår utformingsmodus av eller på.

Vegvisar for kontrollelement

Slår av eller på vegvisaren for kontrollelement.

Eigenskapar for kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane for eit merkt kontrollelement.

Skjemaeigenskapar

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet..

Skjemastruktur

Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.

Aktiveringsrekkjefølgje

Opnar dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje slik at du kan endra kva rekkjefølgje kontrollfelta får fokus i når brukaren trykkjer på tabulatortasten.

Legg til felt

Opnar eit vindauge der du kan velja eit databasefelt du vil leggja til i skjemaet eller rapporten.

Opna i utformingsmodus

Opnar skjema i utformingsmodus slik at dei kan redigerast.

Automatisk fokus på kontrollelement

Slår av eller på automatisk fokus på kontrollelement.

Støtt oss!